Utforsk Telemark

English

Norsk

Rundtur til Rønjomkyrkjer

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Åmotsdal kyrkje, Jarand Rønjom.

Om

Som eit ledd i markeringa av 200-årsfeiringa av kyrkjebyggjaren Jarand Rønjom, ber jubileumskomiteen inn til ein tur til tre av kyrkjebygga som han stod bak. Det er dei tre kyrkjene som ligg i Vest-Telemark; Åmotsdal, Vinje og Rauland.
Dei to fyrste var Jarand Rønjom både arkitekt og byggmeister for. Når det gjeld Rauland kyrkje, var det Halvor Høgkasin som hadde hovudansvaret. Han hadde vore med Jarand Rønjom på bygginga av Åmotsdal og Vinje kyrkjer.

Slik ser programmet for dagen ut:
Kl. 09.00: Frammøte ved Åmotsdal kyrkje.
Kl. 09.00-09.45: Omvising i Åmotsdal kyrkje ved Gunnar og Lene Kleivi.
Kl.09.45: Avreise med Kjetils tur frå Åmotsdal til Rauland.
Kl.10.30 – 12.00: Rauland kyrkje. Lars Erik Øygarden held ein minikonsert for oss. Me får sjå kyrkja både frå innsida og utsida. Er det godt vær kan me eta nista ved Totak, og dersom været ikkje passar til å vera ute, et me inne i kyrkja. Ta med både mat og drikke til dette måltidet.
Kl.12.45-13.45: Vinje kyrkje. Der får me omvising ved Arne Vinje.
Kl. 14.30: Vest-Telemark museum, Eidsborg. Museet er stengt for sesongen, men dei opnar dørene for oss. Det vert servert ein kaldtallerken med spekemat, eggerøre, varm karbonade, røykt aure og potetsalat, kaffi/te.

Det vert også høve til å sjå Rønjomutstillinga frå i sommar før Kjetil køyrer oss attende til Åmotsdal kyrkje.

Me har sett ein pris for heile turen på kr. 400,-. Dette dekkjer buss, omvisingar og mat på Vest-Telemark museum.

Dersom det er nokon som vil slutte seg til oss undervegs, er det hyggeleg. Vil dei også ha mat på Vest-Telemark museum kostar det kr. 230,-. På grunn av servering i Eidsborg, må me ha påmelding frå alle. De kan melde dykk på til Bergit Telnes på mobil 90 69 16 74 innan 19. september. Gje beskjed om de skal vera med i bussen, eller køyre privatbil, og om de skal ha mat i Eidsborg. Viss de vil ha programmet tilsendt på e-post, kan de oppgi e-post-adresse når de melder dykk på.

De kan betale kontant eller på vipps den 24. september.

Me ser fram til å vitje desse tre flotte kyrkjene som står som minnesmerker etter den store tusenkunstnaren, Jarand Rønjom!

Helsing jubileumsnemda ved Bergit Telnes.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Ikke gå glipp av