Utforsk Telemark

English

Norsk

Sommarutstilling på Dyre Vaa-samlingane: Gun Mads

TypeUtstilling

Midtre Såtehov 3, 3864, Rauland

Legg Sommarutstilling på Dyre Vaa-samlingane: Gun Mads til i reiseruten din.

Sommarutstilling på Dyre Vaa-samlingane. Gun Mads. Vest-Telemark museum.

Om

Minneutstilling på Dyre Vaa-samlingane 2022

Utstillinga i år er ei minneutstilling om raulandsvenen Gun Mads (Gun Marith Madsen) frå Kongsberg.

Utstillingsopning: 25. juni 2022  kl. 14:00

Gun Mads stiller ut på Dyre Vaa-samlingane i Rauland frå 25. juni til 14. august 2022. Dette er ei salsutstilling.

Gun Mads (1943-2021) blei fødd i Skien og vaks opp i eit kristenfundamentalistisk miljø. Ei gong fortalde ho dette til venen og fotografen Morten Krogvold:

«Jeg har aldri hatt det så godt som da jeg fant ut at jeg kunne leve uten å tenke på at jeg kunne bli sendt til helvete. Det eneste jeg er redd for å gå glipp av, er stor kunst. Ellers har jeg opplevd alt. Jeg tror ikke på noe liv etter døden. At vi fortsetter å snakke om hverandre, det er evig liv for meg».

Gun busette seg på Kongsberg og fekk ein sein start på kunstnarvirket. Ho var faktisk i 40-åra før ho forstod at ho måtte måle! Krogvold har kalla henne for eit renessansemenneskje. Ho brydde seg ikkje mykje om kva folk meinte om henne og kunsten hennar. Berre synet av noko vakkert kunne få Gun til å gråte. Ho var så glad i Rauland. I hytta på Nesland måla ho, fyra på peisen og mata «faulane».

Gun har hatt utstillingar i m.a. kunstforeiningane i Drammen, Kongsberg, Skien og Rauland (2009), Vestre Aker kyrkje og som jazzfestivalutstillar i Kongsberg kyrkje.

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Sommarutstilling på Dyre Vaa-samlingane 2022 (25 Jun 2022 - 14 Aug 2022)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Skinnarlandsamlinga i Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    57 m Unna
  2. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    69 m Unna
  3. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    15.38 km Unna
  1. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.09 km Unna
  2. Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…

    20.20 km Unna
  3. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    24.85 km Unna
  4. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    25.49 km Unna
  5. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    25.52 km Unna
  6. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    25.65 km Unna
  7. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    25.68 km Unna
  8. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    25.70 km Unna
  9. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    25.76 km Unna
  10. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!

    27.87 km Unna
  11. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    29.50 km Unna
  12. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    31.86 km Unna
  13. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    31.86 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av