Utforsk Telemark

English

Norsk

To bokaktuelle damer, ein treskjerar og ein smed

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Product Image
  • Product Image
  • Bunadsband, handverk, Vest-Telemark museum.

Om

Finn Lie er ein allsidig kar. Han er god på trearbeid, og i dag kan du møte han og nokre av produkta hans på husmannsplassen til Vest-Telemark museum i Eidsborg.

Dit kjem også Eli Vesaas og Sigrunn Lie Brattekås. Dei står bak boka «Bunadband i Telemark».
Dette seier forlaget om duoen:
«Eli Vesaas har halde kurs innan bandveving i mange år, og har produsert og samla mykje kursmateriale. Det er fyrst og fremst plukketeknikk på grind ho har arbeidd med, men ho har også god erfaring med plukkteknikk på den gamle vevereiskapen bandstøre.
Sigrunn Lie Brattekås har skrive flere bøker med handverk som tema, og har dei siste åra interessert seg særlig for plukkebanda i Telemark. Saman har dei laga ei vevbok der du får opplæring i plukkeband på grind og bandstøre og ei innføring i historie og tradisjon kring desse banda»

Steinar Mandt blir også med i dag. Han skal få i gang Liosmia på tunet.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Handverksaktivitetar Vest-Telemark museum (4 Jul 2021)
DagTider
Søndag12:00 - 17:00

Ikke gå glipp av