Konserten vekslar mellom solo hardingfelespel og diktlesing – krydra med kortfatta refleksjonar om livet og poesien, der både alvoret og det mindre alvorlege får rom. Ordet tun har med det heimlege å gjere. Tunet er staden der husa rammar inn og skaper rom, og midt på tunet står treet. Ord og spel vil krinse rundt dette biletet – i vid forstand. Konserten vart framført som ein del av programmet under årets utgåve av Telemarkfestivalen til stor begeistring for publikum som var til stades.
Per Anders Buen Garnås er spelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og vart under Folkelarm i 2022 kåra til “Årets folkemusikar”! Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fire gonger, han har vunne FolkeLarm-prisen to gonger, og han har vore nominert til Spellemann-prisen tre gonger.
Stein Versto frå Vinje i Telemark er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann. Han debuterte som forfattar med novellesamlinga “Ho blei borte i trappene” i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman og ei prosabok om folkemusikk og utvandring, skrive essay og ei rekkje songtekstar tonesette av norske artistar, blant dei særleg Odd Nordstoga.
Inngang kr 200,- (halv pris med årskort)
Høve til å kjøpe kaffi og kake.
Velkomen!
Gode tonar og ord på museet i Eidsborg (18 Feb 2024) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 16:00 | - 18:00 |
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…