På Vikingdagen 2023 får me besøk av Osebergskipet Åsa og Olavs Menn!
Kviteseid bygdetun vert ein yrande marknadsplass med aktivitetar for alle.
På tunet vert det salsbodar og handverk. Her kan du vere med på vikingleik, høyre musikk frå vikingtida og prøve deg på bogeskjoting eller runerissing. Johannes Barstad stiller med eiser og dei som vil (over 13 år) kan få prøve å forme metall med eigne hender ved bruk av tradisjonelle teknikkar.
Det vert sal av mat - litt for ein kvar smak:-)
12.00 Velkomen på tunet! Gratis inngang med utdeling av lodd for seinare loddtrekning. Me går ned til Kauphamar for å ta i mot Åsa. Det vert høve til å kome ombord for ein prat og fotografering med sverd og hjelm i høgsetestol (kan verte endringar ved regn)
Kl 13.00
Aktivitetar på tunet.
Runerissing, bogeskjoting, hesteridning, sverdkamp, smiing, matservering, song og musikk
Kl 1400
Utsondhalli: Foredrag med Anders Kvåle Rue «Telemark’s eigenrådige vikingar»
Kl 1500
Sverdkampoppvising på tunet
Kl 1530
Trekning av premiar på tunet
Kl 1600
Konsert i Kviteseid gamle steinkyrkje "Hallvard med vener framfører mystiske og mytiske folkeviser og folketonesalmar"
Fri inngang.
Flott om du stiller i tidsrette klede og tak gjerne med deg stol.
Vel møtt! Me gler oss til å sjå deg:-)
Kviteseid bygdetun (1 Jul 2023) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Lørdag | 12:00 | - 17:00 |
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…