For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Kviteseid bygdetun

TypeUtstillinger

Fjågesundvegen 12, 3850, Kviteseid

Legg Kviteseid bygdetun til i reiseruten din.

Fra NOK 40,00
Kviteseid bygdetun

Om

I sesong er det faste omvisingar kl 12.00, 14.00 og 16.00

Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste museum her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. 

Bygdetunet ligg rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1260 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.

Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.

Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar').

Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.


Utsondhalli
Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans.

Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen "Gut som spikkar".

Utsond er best kjend for skulpturen "Helferd" som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond den fyste professorstilling ved akademiet.

Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme.

Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid Kommune før han døydde og desse er i dag samla i "Utsondhalli" på Kviteseid Bygdetun.

Museet har ope kvar dag i sommarsesongen, og elles heile året på bestilling. Det er enkel servering, våre vaflar er kjend for sin gode smak. Ein fredfull plass og ein stoppestad for mange langs si reise på riksveg 41. 

Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart særskild reist i maktsentra.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet, og ligg der vassvegen og landevegen aust-vest kryssar. Rett nedom kyrkja var også ein viktig handelsplass Kauphamar også kalla Hollendarodden.

Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.

Museet er ope i sommarsesongen.

Ta kontakt med for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf: 35069090

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • servering

Kirketyper

  • steinkirke

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • bygdegård
  • kulturhistorie
  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden
  • skulpturer

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Barn 6-15 år 6-15 årNOK 40,00 pr. person
Familiebillett (2+2)NOK 200,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 500,-NOK 60,00 pr. person
Honnør/studentNOK 60,00 pr. person
Voksne (fra 16 år)NOK 80,00 pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Open for grupper på bestilling heile året (1 Jan 2018 - 31 Des 2019)
DagTider
Sesong (25 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00
Faste omvisingar på tunet og i kyrkja (25 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag12:00
14:00
16:00

Også i nærheten

  1. Kviteseid gamle kyrkje

    Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a....

    195 m Unna
  2. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    På Norsk Skieventyr i Morgedal opna det i 2018 ei utstilling om skimakaren Asmund Kleiv.

    14.80 km Unna
  3. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    14.80 km Unna
  1. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    16.97 km Unna
  2. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for....

    27.67 km Unna
  3. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    29.86 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i...

    30.30 km Unna
  5. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...

    30.63 km Unna
  6. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom...

    30.77 km Unna
  7. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...

    30.76 km Unna
  8. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er...

    30.82 km Unna
  9. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)...

    30.87 km Unna
  10. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Kom og sjå ørn,...

    30.95 km Unna
  11. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar....

    30.97 km Unna
  12. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    30.97 km Unna
  13. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    30.99 km Unna
Previous Next