Utforsk Telemark

EN

NO

Frå hulder til himmel

TypeKonsert

Prestegardsvegen 20, 3870, Fyresdal

Legg Frå hulder til himmel til i reiseruten din.

Fra NOK 250,00
Klykken, Moen og Krohn

Om

Ein folkeleg konsert med magiske moment frå regionens rike songarv.

Folkesongarane Anne Gravir Klykken frå Telemark, Olaf Moen frå Agder og Tone Krohn frå Vestfold har alle sans for regionens unike historier og rike folkesongarv. I konsertprogrammet «Frå hulder til himmel» vil publikum få oppleve eit hjartevarmt program med glimt i auget, naturkraft og sakrale moment, der all musikken har røter i Vestfold, Agder og Telemark.

ANNE GRAVIR KLYKKEN er ein folkesongar frå Solum utanfor Skien i Telemark. Anne har vært med på ei rekke ulike prosjekt og innspelingar opp igjennom åra. Anne har røter i Fyresdal.

OLAF MOEN er ein folkesongar, tradisjonsnerd og folkedansinstruktør frå Akland i Risør kommune. Olaf har vore aktiv med folkemusikk og -dans i snart 30 år, og har gått i songlære både hjå m.a. Kirsten Bråten Berg, Torbjørg Aamlid Paus og Frode Nyvold. Olaf har også samla inn folkesong på eiga hand, og endevendt arkiv på jakt etter lokalt songstoff.

TONE KROHN er ein folkekunstnar og komponist frå Sandefjord. Med blikk for fortida sin magi har Krohn satt Vestfold sin vokale folkemusikk på kartet. Krohn har revitalisert eige innsamlingsarbeid gjennom konsertar og album-innspelingar. Med sine moderne folkemusikk-komposisjonar vidarefører Krohn tradisjon i overraskande og nye former, og musikken hennar tolkast av kor over heile verda.

Inngang kr 250,-. Sal av billettar ved inngangen - vipps, kort og kontant.

VARMT VELKOMEN TIL MOLAND KYRKJE!

Arr: Kulturavdelinga og kyrkjekontoret

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
PrisNOK 250,00 billetter

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

35067100

Også i nærheten

  1. Folkestadbyen

    I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…

    410 m Unna
  2. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    507 m Unna
  3. Russvassdammen

    Russvassdammen, som har vært et sentralt element i tømmerfløytingen i Fardøl siden 1860,…

    7.72 km Unna
  1. Våmur Utkikkspunkt

    Våmur Utsiktspunkt i Telemark, hvor bratte fjellsider møter majestetisk Fyresvatn. Nyt…

    10.68 km Unna
  2. Hesteeventyr - Fyresdal vill og vakker

    Rideturer, kjøring med hest og vogn, jakt og fiske, orientering, kanoturer, fjellturer,…

    12.69 km Unna
Previous Next