"Okseblod" er ei historie om sårbarheit og tradisjon, om folk og buskap, og om å overleve side ved side med det som set mat på bordet.
Filmen utspelar seg nokre korte sommarveker då den vaksne dottera Ingrid kjem heim til garden, der faren Oscar slit med å halde den i hevd, etter som han blir eldre. Filmen blei spelt inn på Snarteland her i Fyresdal.
Filmen har hatt verdspremiere og fått strålande tilbakemeldingar. Nå kan du sjå den på Fyresdal kulturhus når vi inviterer til filmvisning og samtalekveld onsdag 11. juni. Kvelden vil by på visning av filmen, samtalepanel, gjester, diskusjonar og gode moglegheiter for mingling. Og ikkje minst – eit dykk i vår felles kulturarv og det levande landbruket.
Program for kvelden:
Kl. 18.00 – Mingling
Kl. 18.15 – Velkomen ved fylkeskultursjef i Telemark, Maja Foss Five, og ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen
Kl. 18.20 – Presentasjon ved manusforfattar og hovudrolleinnehavar Jeanne Bøe og produsent Geir Bergersen. Dei vil m.a. fortelje om sin lidenskap for dei som set mat på bordet vårt. Snurr film!
Kl. 19.00 – Paneldebatt (30 min)
Etter arrangementet på kulturhuset samlast vi til prat og sosialt samvær på Kafé Hvelvet – for dei som ynskjer det
Påmelding
Meld deg på via Forms, e-post eller telefon:
Forms (klikk på link eller skann QR-kode): https://forms.office.com/e/TDbA5SknBz
E-post: postmottak@fyresdal.kommune.no
Telefon: 35 06 71 00
Velkomen til Fyresdal kulturhus onsdag 11. juni frå kl. 18.00!
NB. Gratis inngang!
I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…
Russvassdammen, som har vært et sentralt element i tømmerfløytingen i Fardøl siden 1860,…
Våmur Utsiktspunkt i Telemark, hvor bratte fjellsider møter majestetisk Fyresvatn. Nyt…
Rideturer, kjøring med hest og vogn, jakt og fiske, orientering, kanoturer, fjellturer,…