Køyrer til Fjalestad langs Napevatn. Må løyse bomavgift både til Napevegen og inn vegen til Reinvatn. Går ein bratt stig langs ein gamal taubane opp til ei hytte ved Finnròe. Tek så til høgre utan stig austover på Myrbufjell 881 moh. Der er flott utsikt mot Borstad og Nisser. Går nordover til eit nytt høgdepunkt på 842 moh og så austover til 903 moh før vi går tilbake til hytta der vi kom opp.
Naturlos: Geir D Fjalestad. Tlf. 416 31 606.
Fast møteplass er på parkeringa ved Fyresdal kulturhus i sentrum. Tak på passande klede, gode sko, og tak med mat, og drikke. Alle som er med går turen på eige ansvar.
NB!! Hugs bandtvang 1. april til 20 august.
Vi gjer merksam på at alle turane i juli har oppmøte kl.16.00!
Atterhald om endringar i oppsette turar!
Turar merka med * har bok på toppen.
Fyresdal Turlag v/Gunhild Tlf. 957 91 511 eller e-post gmomrak@gmail.com
Våmur Utsiktspunkt i Telemark, hvor bratte fjellsider møter majestetisk Fyresvatn. Nyt…
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…
I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…
Rideturer, kjøring med hest og vogn, jakt og fiske, orientering, kanoturer, fjellturer,…
Russvassdammen, som har vært et sentralt element i tømmerfløytingen i Fardøl siden 1860,…