Utforsk Telemark

EN

NO

Kvipt Gjestegard

TypeGjestegård

Birtedalen, 3870, Fyresdal

Legg Kvipt Gjestegard til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

På fjellgarden Kvipt kan du oppleve tradisjon og kultur, gamal bu- og byggeskikk, enten som dagsgjest eller som overnattingsgjest. Som vår gjest får du ei levande og personleg oppleving. 

Garden ligg i fjellbygda Birtedalen, på grensa mellom Fyresdal og Setesdal, 600 m.o.h. Garden ligg omkransa av vakker og særeigen natur, eit eldorado for fotturar, jakt og fiske.  

Garden har vore i ætta dei seinaste 600 åra, og i dag er den eigd av generasjon nummer 23, Olav Kvipt. Gjestfriheita står framleis høgt i fokus, og du kan den dag i dag kjenne lukta av nybaka flattbraud, rjomegraut, og kling i lufta. Me tek mot gjester i heil- eller halvpensjon, eller for sjølvhushald. 

Overnatting
Me tilbyr overnatting på garden i 4 forskjellige bygningar. Den eine er ei moderne høgstandard 2-etasjes lafta tømmer som har 2 bad, kjøkken med oppvaskmaskin m.m der det er plass til 8 personar. Hytta er plassert på ein kolle heilt aleine med utsikt over Birtevatn og Midtjønna. Du kan også bu på garden, i nasjonalromantiske omgivelsar med Telemarkskyr og tjørebreidde gamle bygningar. Det eine er eit stabbur frå 1710, innreidd med tidskorrekte himmelsenger, lite tekjøkken, kosleg sofakrok og nydeleg utsikt over Kviptetjønna. Her er det lagleg med 6 personar. Det andre stabburet er eit kopi av eit 1200-talls stabbur. Her er det også eit lite tekjøkken, samt himmelsenger til 6. Har du lyst å vere så nærme vannkanten som mogleg, har me ei tømmerhytte på gamle badstogetufta. Her er det plass til 4 personar. Alle husværa på tunet har tilgang til toalett og dusj i låven.
 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

907 32 456

Også i nærheten

  1. Folkestadbyen

    I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…

    5.35 km Unna
  2. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    5.42 km Unna
  3. Russvassdammen

    Russvassdammen, som har vært et sentralt element i tømmerfløytingen i Fardøl siden 1860,…

    5.56 km Unna
  1. Våmur Utkikkspunkt

    Våmur Utsiktspunkt i Telemark, hvor bratte fjellsider møter majestetisk Fyresvatn. Nyt…

    8.87 km Unna
  2. Hesteeventyr - Fyresdal vill og vakker

    Rideturer, kjøring med hest og vogn, jakt og fiske, orientering, kanoturer, fjellturer,…

    17.07 km Unna
Previous Next