Sondre Norheim, ofte kalla far til den moderne skisport, vart født 10. juni 1825. Laurdag 14. juni 2025 skal dagen markerast med eit variera program i Morgedal sentrum. Start gjerne dagen med eit besøk til Øverbø, staden der Sondre vart født for 200 år sidan. Stoga står ope og frå plassen har du flott vidsyn til Morgedal.
Norsk Skieventyr har ope frå kl. 10:00. Servering av tradisjonell husmannskost frå klokka 11:00.
Forfattar og folkeminnegranskar Thor Gotaas vil sitje og signere den rykande ferske Sondre-biografien inne på skimuseet.
Han vil vere tilstades frå kl. 11.00.
Posten har «minipostkontor» med jubileumsstempel og sal av samleprodukter på Norsk Skieventyr.
Program for dagen:
PROGRAM
12.00 – Norsk Skieventyr:
Opning av ny skisimulator ved fylkesordførar Sven Tore Løkslid
Posten – presentasjon av jubileumsfrimerke ved frimerkedirektør Halvor Fasting
14.00 – Ridebanen i Morgedal sentrum:
Velkomen ved ordførar Tarjei Draugedal
Spelet «Bakkane kallar» om Rannei og Sondre ved Hæge Manheim, Hans Jakob Sand og lokale statistar
«Sondre Norheim, husmann og skiløypar» – bokslepp og føredrag med Thor Gotaas.
Musikkinslag med Symre Bang.
17.00 - Morgedal Hotel
Jubileumsmiddag - 3 rettars meny med lokalmat -
Telemarkstallerken lansert av Matrike Telemark.
Kr. 695,- per person.
Påmelding: morgedalhotel@unikehoteller.no
Programmet på dagen er gratis.
Velkomen!
Norsk Skieventyr (14 Jun 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Lørdag | 12:00 |
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…