Velkomen til Vårmarknaden 25.-26. mai!
Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er staden å gå for om du er på leit etter antikvitetar, motordelar til den gamle bilen din, eller om du er på utkikk etter noko heilt spesielt. Her kan du finne alt du treng - og litt til.
Med veteranvognutstillingar, sal av gamle skattar og ein rekke andre aktivitetar, er dette ein flott arena for både store og små. Plassen blir fylt opp av nær 250 utstillarar som sel nyttige og unyttige ting til ein rimeleg penge. Her kan du gå på skattejakt og gjere eit skikkeleg kupp om du er heldig!
Det er langt frå Telemarkskua når Dyrskuplassen fyllast med nærare 150 bilar i veteranbilklassa. Medarrangør Vest-Telemark Motorhistoriske Klubb står ansvarleg for veteranbiltreffet og ser fram til vurdere og sjå dei staselege doningane. Dei vil rangere og premiere bilane, og lover flotte premier i kvar klasse. Leiar i Vest-Telemark Motorhistoriske Klubb, Stein Larsen, oppmoder alle om å stille i tidsriktige klede og køyretøy eldre enn 30 år.
Vi ynskjer velkomen til utstillarar innan bil/motor, brukt og antikk/vintage/retroprodukt, til standplassar både ute og inne. Alle får plass, om du driv med sal på hobbybasis eller profesjonelt. Born under 12 år får gratis stand for sal av leiker, bøkar, sportsutstyr m.m. på eige område. Det vil ikkje vere mogleg å førehandstinge standplass, men du sikrar deg ein plass ved personleg oppmøte.
Vi håpar å sjå deg, om du er utstillar eller publikum på jakt i Telemarks største skattekammer!
Into the Landscape
International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane…