For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Brochure - Contact Us

Brosjyre - Kontakt oss

Grunningsdalen

Legg Grunningsdalen til i reiseruten din.

Address

3840 Seljord

Email

Telephone

Tlf: 35050400

Grunningsdalen

Om

Køyreavstand: Brøløs - Lakshøl: 2,9km. Lakshøl-Reinstaul: 4,6 km
Bompengar: 35 kr
Sykkeltid: ca 1 time
Vegdekke: Grus
Nivå: Lett


Bjørgenuten ligg ytterst på Lifjellplatået - rett opp for Seljord sentrum. Frå Grunningsdalen ligg mellom Lifjell og Mælefjell, i austleg retning frå Seljord.
Køyr E134 mot Flatdal, og ta av mot Grunningsdalen like etter det gamle Lakshøl sagbruk. Sykkelturen kan gjerne starte etter ein har kome opp dei bratte bakkane, t.d. på parkeringslomma før Reinstaul.
Grusveg heile vegen. Vegen er god og med liten stigning. Siste del av vegen nokså steinut. Vegen ligg meir eller mindre parallelt med Grunnåi som delvis går i bratte stryk, men innimellom har rolege, fine parti. Grunningsdalen er ein typisk udal mellom Mælefjell og Lifjell. Tradisjonen vil ha det til at det har vore busetjing i denne fine dalen langt attende i tida, men så kom pesten og la dalen øyde. Seinare blei det støling, skogsdrift og veiding, men ferdselsåra gjennom dalen blei nytta heilt fram til sist århundre.
Det har ikkje budd folk fast i dalen sidan Svartedauden, men ein finn fleire tufter og restar etter tidlegare faste busetjingar. I dag er det fleire som har hytte i dalen eller nyttar gamle staular som rekreasjonsstad. Mykje lokalhistorie og gamle segner er knytt til hendingar i tidlegare tider, bl.a. om Guro Heddelid.

Smylimoen: Eit uvanleg fint område ved Grunnåi med merke etter eldgamal busetjing attende til jernalderen. Gravhaug og gravrøyser i nærleiken av bustad. I dei seinare hundreår er plassen bruka til tradisjonell staulsdrift. Elvesletta ved Smylimoen er rik på formelement som gamle elveløp og flaumløp. I samanheng med elvesletta ligg det ei gjengroingsmyr.

Handklauvsteinen: Ein skarp stein på Handklauvmoen der det også er ein del røyser som kan vera restar etter gamalt buområde. Namnet kjem av at to fangar som rømde frå lensmannsgarden Årstaul slo av seg handklauven (handjerna) på denne steinen. Steinen ligg omlag 50m frå Årstaulbekken på øvre side av Grunningsdalsvegen.

Sigridsnes: Her er det tydelege tufter etter middelalderbruk.

Map & Directions

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Arkitektur

    Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På...

    779 m unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og...

    1.19 km unna
  3. Type

    Type:

    Innsjøer

    Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og...

    1.71 km unna
  4. Type

    Type:

    Antikviteter

    Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av...

    10.59 km unna
  1. Type

    Type:

    Kulturmiljø

    Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane...

    12.33 km unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telespinn

    Telespinn er et lite, miljøvennlig spinneri med butikkutsalg på gården Midt-Svartdal i...

    12.42 km unna
  3. Type

    Type:

    Kulturminne

    Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift...

    12.59 km unna
  4. Type

    Type:

    Kunstverk

    Sauna

    Sauna, eller Saunaen, er en av tre installasjoner fra prosjektet “Into the Landscape” som...

    12.95 km unna
  5. Type

    Type:

    Museum

    Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B....

    23.49 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Følg oss...