For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Brynesteinsvandring

Legg Brynesteinsvandring til i reiseruten din.

Address

Vest-Telemark Museum Eidsborg
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: +47 35 07 56 56

Brynesteinsvandring

Om

Denne turvegen tar deg opp til steinbrotet Brunåslid. Dette var det største av mange brynesteinsbrot i Eidsborg-Lårdalsområdet. Brotet vart truleg opna tidleg på 1700-talet og var i drift til rundt 1950. Ein ser dei store ”uslehaugane”, som var avfall frå brynesteinsproduksjonen. Ved den øvre haugen ser ein tufter etter ei av arbeidsbrakkene.

Brynestein frå Eidsborg har ei lang historie og ein reknar drift i berga her attende til omlag 700 e.Kr.
Den vart skipa ut vassvegen (Telemarkskanalen).

Brynesteinen er og ei særmerkt handelsvare som allereie vikingane tok med seg ut på sine ferder. Brynestein er slik funnen over heile  Europa.

Middels krevjande tur i kupert terreng. Stigen fyljer i store delar gamal ferdselsveg. Turen er ikkje lengre enn 4 km, men ein bør likevel rekne 2 timar på grunn av terrenget. Etter den fyrste stigninga kjem du til eit utsynspunkt med benk. Panoramabildet i denne guiden er tatt frå dette punktet. Det er og benkar på toppen ved brotet. Ved start og under heile turen er det informasjons skilt.  Frå brotet kan du gå fylkesvegen attende til museet.

Turen startar ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg. Det er godt skilta til Vest-Telemark Museum frå Høydalsmo og Dalen. Parkering ved museet og Eidsborg stavkyrkje. Stigen startar ved Juvestoga på museumsområdet.  

 

Fasiliteter

Natur og terreng

  • skogsområde

Sesong

  • august
  • juli
  • juni
  • mai
  • september

Varighet

  • 2 timer

Gradering

  • fargegradert turmerking
  • middels

Map & Directions

Veibeskrivelse

Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv45 og skilting til Vest- Telemark Museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du  Fv 45 mot Høydalsmo.  Sjå etter skilt til Vest-Telemark Museum og Eidsborg stavkyrkje.

View Also Around

Beslektet

Brynesteinsvandring, Tokke

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    1.01 km unna
  2. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    1.89 km unna
  3. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    4.73 km unna
  4. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.04 km unna

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Følg oss...