For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Moland kulturminneløype

Legg Moland kulturminneløype til i reiseruten din.

Address

Fyresdal
3870 Fyresdal

Email

Telephone

Tlf: + 47 35 04 14 55

Moland kulturminneløype

Om

Idyllisk hagebyvandring gjennom sjarmerande smågater og gardstun i sentrum av Fyresdal.

3 km rundtur i Fyresdal.

På denne turen blir ein kjent med Fyresdal sentrum. Folkestadbyen og bygdetunet Øyskogen med sine 18 gravhaugar og gamle tømmerhus, er noko av det vandrarane passerar.

Turen går også ned mot vatnet og gamle Moland prestegard. Turen er lett å gå og passar fint for ein familie med små barn. Store delar av løypa er tilgjengeleg for rullestol. Nede ved Fyresvatn er det fint å sitje, eller bade om veret er varmt.

Aktivitetar ved Moland kulturminneløype
• Fyresdal bygdemuseum, Øyskogen. Mellomalderhus og gamal gravplass. Husa er opne i sommarsesongen og det er skiftande utstillingar. Landsbyen, Folkestadbyen, i Fyresdal sentrum var eit handels og handtverksentrum i kyrkjebygda som voks fram i 1870 åra. I løpet av 40 år kom det opp mest 40 bustader i eit lite avgrensa område. Tettstaden fekk namnet Folkestadbyen. Dei gamle husa er skilta med namn på huset, kven som budde der og kva for yrke dei hadde.

• Kaféliv. Landsbyen i Fyresdal sentrum er koseleg, med fine trehus i tronge gater. Her finn du både kaffebar, ein lekker sportsbutikk og fine kles- og gåvebutikkar. Nede ved vatnet ligg Kafè Teisner, med fin utsikt mot vatnet. Sjekk også ut Fyresdal Bed and Breakfast og Meieriet Cafe-Pub-Pizza A/S

• Merleyn galleri med utstillingar og butikk

Map & Directions

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    29.82 km unna
  2. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    32.25 km unna
  3. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    36.25 km unna
  4. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    38.12 km unna

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Følg oss...