Utforsk Telemark

EN

NO

Arkivdag via til Rikard Berge

TypeKultur

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Product Image

Om

Arkivdagen på Vest-Telemark Museum i Eidsborg vert via til folkeminnegranskaren Rikard Berge (1881-1969), fødd på Berge i Rauland. 
Rikard Berge blei tilsett som styrar for fylkesmuseet i Telemark i 1916. Han la ned eit stort arbeid i å samle tradisjonsmateriale frå heile fylket. I 1970 fekk Telemark Museum overta den unike samlingane etter han. Denne bestod mellom anna av 800 notatbøker som sidan har blitt digitalisert. I 2011 fekk museet i tillegg meir enn 600 negativar på glasplater. Desse syner både folk, gardar og tun frå kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje og Tokke. Fotografia er frå perioden 1905-1945, og har stor kulturhistorisk verdi. 
På arkivdagen kjem fyrstekonservator ved Telemark Museum, Tor Kjetil Gardåsen, og syner smakebitar frå fotosamlinga etter Rikard Berge. Han vil også fortelje om den unike handskriftsamlinga som ligg ute på nett. 
Arrangementet kostar 100,-/50,- for dei med årskort. Kaffe og gørrgod kake inkludert. 
Gode boktilbod i bui.
Lenke til fakta om fotosamlinga http://www.telemarkmuseum.no/2017/10/16/rikard-berge-si-flotte-fotosamling-er-digitalisert/.
Medarrangør: Telemark Museum

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Gudsteneste i Grunge kyrkje

    Gudsteneste i Grunge kyrkje

    Type

    Andre arrangement

  2. Lutefisklag på Dalen Hotel

    Type

    Mat

    Kjære venner. Lutefisklaget i fjor blei super hyggelig og dermed skaper vi nå tradisjon, hold av 6…

  3. Påskequiz på Hallbjønnsekken

    Type

    Quiz

    Skafsåheia Løypelag arrangerer QUIZ på Kafè Hallbjønn.  Så skrap sammen det beste quizlaget, og ta…

  4. Det skumle biblioteket

    Type

    Familie/barn

    Om kvelden 31. oktober skjer det noko underleg på Tokke bibliotek. Det vert mørkt og nifst, og dei…

  5. Nærtur - inspirasjonskveld

    Type

    Friluftsliv

    Kom i gang med tur, friluftsliv og trening! Gjer det enkelt, men gjer det! Program for temakveld…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av