Tokke byr på eit breitt utval av attraksjonar. Mellom anna kan ein finne ei vakker badstoge, eit eventyrhotell, ei nydeleg stavkyrkje, fleire museum og flotte utkikkspunkt!
Lårdalstigen er ein fantastisk tursti mellom Dalen og Lårdal i Telemark. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen.
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.
Omvising i høgsesong kl 11:00, 12:00, 14:00, 16:00. Utanom høgsesong er det omvising etter behov.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Sjå innhaldsrik brynesteinsutstilling på Vest-Telemark museum Eidsborg og vandre opp i brota.