

Velkommen til lansering av debutromanen «Rosehagtornen» av tokkebuar Helga Songøygard Battin på Tokke bibliotek fredag 7. februar!
Arrangementet startar klokka 19 med enkel servering og velkomstdrikk. Helga les frå romanen sin, forfattar Kjersti Halvorsen kjem frå storbyen for å lese frå debutromanen sin «Ida tar ansvar» (2019), den lokale forfattaren Kjersti Rorgemoen kjem for å lese, og representantar frå skrivegruppa Tokke litteraturlaug les frå eigne tekstar.
Forlaget skriv dette om «Rosehagtornen»:
Tilia prøver å finne plassen sin i vaksenlivet generelt og i forholdet til Adrienne spesielt. Det er lettare sagt enn gjort, for det er krevjande å vere vaksen, og Adrienne er så sikker på alt. Då er det enklare å omgi seg med planter: Dei slår rot og veks og blømer. Sitrongeraniumen har til og med formeira seg til sjølvstendige planter gjennom alle avleggarane Tilia har gitt vekk. Og medan Adrienne byrjar å snakke om ekte barn, ønsker Tilia seg mest av alt eit tre, ein rosehagtorn.
Arrangementet er gratis og alle er hjarteleg velkomne!
Sist viste
Folkefest
Program for dagen:
11.00 gratis inngang i Skimuseet m/ skattejakt for borna.
12.00 4H…
Konsert
Svenske Rum Diet kjem for første gong til Noreg og Dalen!
Irsk pubmusikk, keltisk rock m.m…
Andre arrangement
informasjonsmøte og medlemsregistrering for den nyoppstarta kunstforeininga.
Teater
Etter å ha reist med teaterforestillinga om Rui-jentene sidan mai 2018 og spela for over 10.000…
Andre arrangement
NM I "kaste på stikka" Er et arrangement som passer for alle, også for de som aldri har prøvd seg i…
Quiz
Velkommen til påskequiz. Bjørn Inge startar ca. 21.00.Sal av snacks, mineralvatn, øl, vin og…