

Velkomen til ope møte på vest-Telemark museum i Eidsborg!
Bør bunadbruken inn på Unesco-lista over vern av immateriell kulturarv? Det meiner vi!
Kva meiner du? Vi treng dine tankar.
Vi vil gjerne ha flest moglege stemmer frå Vest-Telemark. Unge og vaksne, han, ho og hen! Velkommen alle som ein! Tankane dine er viktige når det skal skrivast nominasjonssøknad til UNESCO.
Du vil få utdelt spørsmål som du skal svare på, diskutere med andre rundt bordet og få moglegheit til å ta ein titt i den rike drakt og bunadstradisjonen i Vest-Telemark. I tillegg vil du få høyre korleis det står til med handverkskompetanse på bunad i området samt kva for drakt og bunadsrikdom ein kan finne på museet.
Initiativet om at bunadbruken fortjener ein plass på Unesco si liste over immatriell kulturarv kjem frå Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedrakforum, og Studieforbundet for Kultur og Tradisjon.
Arrangørane bak møtet er Tokke og Rauland Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Husflidskonsulenten i Telemark.
Tid: Onsdag 17. november 2021 kl. 18.00-21.00.
Meir info om prosjektet på www.bunadbruk.no.
Sist viste
Utstilling
Historia om busettinga ved Buffalo River – heilt nord i Minnesota, ikkje langt frå dobbelbyen…
Kultur
Ho seier:
"Min far André Bjerke har 100 års jubileum nå i januar. Han var født 30 januar 1918,…
Konsert
Kirsten Bråten Berg er kjend for sin unike kveding. Ho har budd i Sætesdal sidan 1973, og der har…
Teater
Historien om dei to søstrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den lille plassen Rui på Dalen i…
Museumsarrangement
I dag er Sigrunn Lie Brattekås og Eli Vesaas tilbake i husmannsstoga i Eidsborg. Dei tar opp…
Andre arrangement
Seljord og omegn lokallag av norsk fybromyalgiforbund har møte på Seljord Frivilligsentral onsdag…