

Sundag 11. mars 2018 kan du bli med Kviteseid Turlag på skitur i nytt og spennande fjellterreng for dei fleste.
Vi går opp alpinbakken ved Hallbjønnsekken og i småkupert, jamt stigande terreng bortover ryggen mot toppen på Berhomfjellet. Der er det flott utsikt mot Spafjell og Urnosi i nord, Setesdalsheiane i vest, Draumenuten, Napuren og Høgsetet i sør, og langt i aust ser ein den langstrakte ryggen på sjølvaste Gaustatoppen. Vi går ei litt annan rute tilbake. Turen, som er ein halvdagstur, går i hovudsak utanom preparerte løyper. Derfor er fjellski med stålkantar å foretrekke. Mat, drikke og ekstra klær må ein ha med i tursekken.
Frammøte er ved Hallbjønn Høyfjellssenter kl. 10.30. Langvegsfarande kan tinge overnatting der.
Turleiar er Jon Ingebretsen, som også kan gje meir informasjon på tlf 481 01 435. Det er inga påmelding.
Sist viste
Konsert
Tokke kulturhus inviterar til konsert med Trond Ytterbø og Tom Bråthen fredag 25. oktober. Dørene…
Museumsarrangement
Velkomen til ope møte på vest-Telemark museum i Eidsborg!
Bør bunadbruken inn på Unesco-lista…
Utstilling
Historia om busettinga ved Buffalo River – heilt nord i Minnesota, ikkje langt frå dobbelbyen…
Kultur
Ho seier:
"Min far André Bjerke har 100 års jubileum nå i januar. Han var født 30 januar 1918,…
Konsert
Kirsten Bråten Berg er kjend for sin unike kveding. Ho har budd i Sætesdal sidan 1973, og der har…
Teater
Historien om dei to søstrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den lille plassen Rui på Dalen i…