Utforsk Telemark

EN

NO

Forfattarmøte med Tore Kvæven

TypeForfatterbesøk

Tokke Bibliotek, Storvegen 211, 3880, Dalen
Product Image

Om

Velkomen til forfattarmøte på Tokke bibliotek!
Tore Kvæven sin siste roman ”Når landet mørknar” har, med rette,hausta strålande meldingar frå eit samla kritikerkorps. I november 2018 fekk han Noregs mest prestisjetunge litteraturpris, Brageprisen, for skjønnlitteratur.

Tore Kvæven er romanforfattar og sauebonde frå Sirdal. Han debuterte i 2011 med spenningsromanen ”Hard er mitt lands lov”, som han hadde brukt tjue år på å skrive. Boka omhandlar vikingtokt til Afrika. I 2018 kom ”Når landet mørknar” som handlar om den norrøne busetnaden på Grønland på slutten av 1200 tallet.

I dette føredraget tar Tore Kvæven for seg historikken til det norrøne Grønland. Korleis levde menneska her? Kvar vart det av dei? Han snakkar sjølvsagt også om forfatterskapen, om korleis han skriv og om kvar han finn inspirasjon.

Inngang kr. 100,- (inkl kaffe og kjeks)
Studentar og skuleelevar kjem inn gratis.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Sist viste

  1. Salg av lokalrøkt ørret

    Type

    Andre arrangement

    Vi er så utrolig heldige å få besøk av Finn, som selger sin lokalrøkte ørret hos oss! Han solgte…

  2. Opning av Galleri Karen

    Type

    Utstilling

    Galleri Karen opnar igjen etter lang tids ombygging av den gamle Coop butikken i Høydalsmo. I…

  3. Rui-seminaret 2021

    Type

    Seminar

    Me lever i ei avgjerande tid. Natur- og klimakrisa tvingar oss til å tenkje nytt om vår relasjon…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av