

Tokke Historielag fyller 40 år!
I høve jubileet inviterer historielaget til kulturkveld på Vest-Telemark Museum torsdag 4. oktober kl. 18.00
Kvelden kjem til å bli fylt med historie, musikk og underhaldning.
Olav Solberg held kåseriet «Om balladesongarar i Vest-Telemark». Dagfinn Midtbø fortel historia om laget i kåseriet «Historielaget 40 år – ei historie i seg sjølv».
Det blir musikalske innslag ved Johnny Kvaale Bjerk og Ingrid Grøstad Johnson m.fl., allsong og servering.
Velkomen til kulturkveld i Eidsborg!
Inngang kr. 150,-