Utforsk Telemark

EN

NO

Kammerspel "Munch og fullmånen"

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Product Image

Om

KAMMERETEATERET
Adelita Maria Haukelidsæter.
Har studert både folkemusikk og dans, drama, kultur og formingsfag og fordjupande studiar om Edvard Munch.
Ho har laga ein forestilling om Edvard Munch ”Munch&fullmånen”. 
Dette avdi månen er eit lada og gjentagande symbol i hans kunstnerunivers.

Edvard Munch omtala sine bilete som ”dagboksnotater”.
Dei er samansette, visuelle betrakningar og refleksjonar over eigen og andres livserfaring og eksistensielle problemstillingar.
Såleis kan han og sjåast på som ein visuell filosof.
Han skreiv og prosalyriske tekstar gjennom heile sitt vaksne liv.
Bilete og tekst høyrer ofte saman.
Gjennom forteljing, sang og resitering av hans eigne tekstar, samtidig med biletframvising formidlar ho om hans liv og kunstnarskap.
Dette har ho fremført allein i fleire år.
Nå samarbeidar ho, og utviklar forestillinga, saman med Anne – Beate Bakker Wålengen.
Ho er bratsjist og har spela i Kork i mange år. 
Det har gjeve ho breid erfaring av ei rekke musikalske stilartar.
Ho har delteke på kyrkjekonsertar, musikkteater og i andre samanhengar der ord og musikk kombinerast på nye måtar. 
Forestillinga på museet i Eidsborg 30.september er ei urframføring av deira nye samarbeid.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Sondre Norheim 200 år

    Type

    Museumsarrangement

    Sondre Norheim, ofte kalla far til den moderne skisport, vart født 10. juni 1825. Laurdag 14. juni…

  2. Julemarknad på Søndre Vik

    Type

    Marked/Martna

    Vi inviterer til julemarknad i Raustoga på Søndre Vik med salg av bl.a saueskinn, høstens honning,…

  3. MITT FJELL

    Type

    Natur & Miljø

    Ein lyrisk og visuell bukett frå naturen. Dikt og fotografi ved Jon Ingebretsen og Jørgen Kasin på…

  4. Trearbeid med spikkekarane

    Type

    Museumsarrangement

    Møt handverkarar på husmannsplassen til museet i Eidsborg! Helge Bitustøyl og Birger Kjelingtveit…

  5. "Rom for tekst - ro for tone"

    Type

    Konsert

    Velkomen til ein meditativ konsert med Robertas Lamsodis der han presenterer romantiske stykke på…

  6. Våronn med museumsbonden

    Type

    Museumsarrangement

    Vest-Telemark museum har engasjert Daniel Høstberger som museumsbonde på Uppistog Vindlaus,…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av