Utforsk Telemark

EN

NO

Konsert med Ottar Kåsa og Nora Taksdal - «HILDUR»

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Ottar Kåsa og Nora Taksdal

Om

Velkomen til konsert med hardingfelespelar Ottar Kåsa og bratsjist Nora Taksdal på Vest-Telemark museum Eidsborg. Dette konsertprogrammet har dei kalla «HILDUR».

Ideen om eit musikalsk møte mellom Ottar Kåsa og Nora Taksdal kom i kjølvatnet av at Nora Taksdal tinga ein hardingbratsj av felemakar Ottar Kåsa. Hardingbratsjen vart levert hausten 2021 og er den einaste av sitt slag i verda. Instrumentet fekk stor merksemd og interesse frå miljøet. Samarbeidet i prosessen om å lage hardingbratsjen har ført til at Kåsa og Taksdal ønskja å utvikle eit musikalsk samarbeid for å utforske korleis ein hardingfele og ein hardingbratsj kan fungere i lag. Resultatet er konserten «HILDUR» som óg er namnet Nora Taksdal har gitt til hardingbratsjen etter si mormor!
I konserten vil musikarane óg formidle korleis ideen om ein hardingbratsj vart til, og fortelje om forskjellar og likskap mellom hardingfele og hardingbratsjen, samt berøringspunkt og kontrastar mellom utvalde verk innanfor folkemusikk og klassisk musikk. Repertoaret for konserten vil veksle mellom solospel frå kvar av utøvarane og spel i duett. Nora Taksdal vil presentere eigenlærte slåttar som vil presentere hardingbratsjen sin eigenart. Ei slik besetning med hardingfele og hardingbratsj har verda aldri opplevd før!

Meir om artistane:
Ottar Kåsa er ein norsk hardingfelespelemann og prisbelønt felemakar frå Arabygdi i Vinje kommune. Han er utdanna felemakar frå Ole Bull Akademiet på Voss i 2008 med felemakar Sigvald Rørlien som læremeistar. Musikkutdanning har han frå Folkekulturstudiet i Rauland. Kåsa hevda seg godt på kappleik alt i ung alder, og i 2011 vann han hardingfele klasse A på Landskappleiken i Seljord. Han fekk òg kongepokalen for denne prestasjonen. Året etter, i 2012, toppa han på ny klasse A hardingfele under Landskappleiken på Otta. Han gjentok denne bedrifta under Landskappleikane på Fagernes i 2015 og i Vågå i 2016.

 

Nora Taksdal er solobratsjist i Kringkastingsorkesteret. Frå 1990 var ho solobratsjist i Bergen Filharmoniske Orkester og frå 1996 i Oslo-Filharmonien. Taksdal opptrer hyppig ved klassiske konsertar og festivalar i Noreg og utlandet, og innanfor improvisasjon har ho samarbeida med utøvarar som Bugge Wesseltoft, Ketil Bjørnstad, Øyonn Groven Myhren, Arild Andersen, og Lill Lindfors. Taksdal er utdanna ved Østlandets Musikkonservatorium, Norges musikkhøgskole, og har solistdiplom frå Folkwang Hochschule für Musik i Essen i Tyskland.

Inngang: Kr 200,-
Halv pris med årskort
Sal av kaffi og kake.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Konsert med Taffelpikene og Magnus Wiik på Vinje Biletgalleri

    Type

    Folkemusikk

    Taffelpikene:

    Lynetta Taylor Hansen, fløyter

    Sarah Nordal Strand, klarinetter

    Ingrid…

  2. Museumsbonden hyppar og arbeidar på åkeren

    Type

    Museumsarrangement

    I åkeren veks det fram jordeple, lauk, nepe, bønner, ertar, kål, kålrot, gulrot, bygg og lin…

  3. Forfattarmøte med Tom Egeland

    Type

    Andre arrangement

    Tysdag 13/9 vil me markere starten på utvida opningstider og "meirope" bibliotek i Høydalsmo.…

  4. Konsert med Tonje Halbjørhus

    Type

    Konsert

    Ettermiddagskonsert med Tonje Halbjørhus på Lastein Bryggje kafe. Dato: 18.August 2018. Tid: 17.00…

  5. 17. mai på Rauland

    Type

    Familie/barn

    17. mai på Rauland

  6. Fisketur til Sandvaten med FJFL med overnatting i det fri

    Type

    Friluftsliv

    Fyresdal jakt og fiskelag arrangerer fiske tur til Sandvaten, se kart. Turen passer for alle!
    De…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av