Utforsk Telemark

EN

NO

Løynde lydar frå Vest-Telemark - Opning av lydinstallasjon

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Natasha Barrett, lydinstallasjon Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Natasha Barrett, lydinstallasjon Vest-Telemark museum Eidsborg.
  • Gudrun Semons, fotograf, Vest-Telemark museum Eidsborg.

Om

I april 2022 vitja komponist Natasha Barrett og fotograf Gudrun Kristine Tjønnhaug Semons fleire plassar i Fyresdal, Tokke og Vinje. Dei lytta, tok opp lyd og fotograferte det dei fann. Natasha undersøkte opptaka med spesielle verktøy for å finne fram til gøymde lydaspekt. Så laga ho sju komposisjonar som ein kan sjå på som «lydlege postkort».

Vest-Telemark museum har no bygd ein spesiell installasjon på museet i Eidsborg der publikum kan lytte til «postkorta» og sjå fotografia gjennom ein «tittevegg».

Komponisten og fotografen vil vere til stades og fortelje om sitt arbeid med installasjonen. Dei sju korte lydverka vil bli presentert og spela for publikum, før installasjonen blir opna.

Installasjonen er del av lydkunstprosjektet «Reconfiguring the Landscape» som Noregs musikkhøgskule står bak. Målet er å utforske korleis ein kan lytte til kulturlandskap og kvardagslyd på nye og spanande måtar. Prosjektet er støtta av direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (DIKU).

Velkomen til ei fin lydoppleving!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Tarjei Dalastøyl - rosemålaren frå Øyfjell

    Type

    Utstilling

    Det er 200 år sidan rosemålaren Tarjei Dalastøyl blei født (1818). Han var frå Hombrekk i Øyfjell…

  2. Open utstilling og sal av produkt frå Åsbergtunet

    Type

    Museumsarrangement

    Kvar laurdag i juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag…

  3. Teater Ibsen: Reven, grisungen og konglesugeren

    Type

    Teater

    NB! Billett kjøpast på www.tokkenett.no Det er bare å glede seg når vi utforsker Bjørn F. Rørviks…

  4. Slåttebass og munnharpeføss - Mattis Kleppen og Thov Wetterhus

    Type

    Museumsarrangement

    Mattis Kleppen frå Bø har patentert og perfeksjonert slåttespel på akustisk bass. Etter…

  5. Mellomalderen i Agder og Telemark - Stig Bagge og bondeopprøra

    Type

    Museumsarrangement

    Historikar og museumsbestyrar ved Flekkefjord museum, Jeff Olson, kjem til Åmdals Verk gruver for å…

  6. Tradisjonshandverkarsamling - Taktekking på Ruistoga

    Type

    Kurs

    Sundag 20. september inviterer vi til tradisjonshandverkarsamling på Eidsborg. Arrangementet er ope…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av