Utforsk Telemark

EN

NO

Prosesjonsvandring med Nikuls

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Vest-Telemark Museum innviterar deg med på ei levande formidling av den eldgamle «Nikuls-vandringa» kring Eidsborgtjønni.

Dette er ein seremoni knyt til Eidsborg stavkyrkje og midtsommar som har eksistert sidan 1300-talet. I ei blanding av heidensk og katolsk tradisjon, blei helgenstatuen av St. Nikolaus (lokalt kalla «Nikuls») tatt ut av stavkyrkja og bore kring Eisborgtjønni på Sankthanseftan.

Vatnet hadde magisk kraft midtsommarnatta, og både statuen og dei som fylgde prosesjonen skulle kome i kontakt med det. Då blei syndene forlate og sjukdom lækt.

Sjølv om kyrkja etter reformasjonen prøvde å stanse ritualet, heldt bygdefolket i Eidsborg fram med det heilt til slutten av 1700-talet.

Tidleg på 2000-talet starta museet opp eit historisk spel for å formidle den gamle tradisjonen til publikum. Etter fleire års stopp blir spelet no vist fram att – i samarbeid med kyrkja.

Programmet for Nikulsvandringa 23. juni 2022

17.00                   Føredrag om Nikulskultusen ved kulturhistorikar Herleik Baklid, USN (Inngang: Vanleg museumsbillett)

                             Kostyme til dei av publikum som ynskjer dette.

18.00                   Messe i stavkyrkja. Prest er Tor Eivind Erikstein, organist er Tore Sognefest

Ca.18.45             Vandringa tek til

19.30                   Vandringa vert avslutta nede ved grendehuset

Det er flott om du stiller i mellomalderklede. Museet har og ein del klede til utlåns. Dei vert lagt fram etter føredraget.

Me gjer merksam på at prosesjonsvandringa er eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.

Les meir om Nikuls-tradisjonen her.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Jolegrantenning på Dalen

    Type

    Julearrangement

    Velkommen til jolegrantenning på Dalen laurdag 30. november! Denne laurdagen er det også…

  2. Jolemarknad på Hallbjønn Høyfjellssenter

    Type

    Julemarked

    Velkommen til Hallbjønnsekkens julemarked 1.desember kl. 13.00

    Nydelige dufter, festlig…

  3. Odd Nordstoga

    Type

    Konsert

    I ungdomen var Odd ein aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i

    Telemark. Som artist har Odd…

  4. Fredagsquiz på Kroa

    Type

    Quiz

    Fredagsquiz på Kroa - Dalen Storstue kl. 20.00

    Dørene opnar kl. 20.00  Quiz startar ca 21.30…

  5. Slåttebass og munnharpeføss - Mattis Kleppen og Thov Wetterhus

    Type

    Museumsarrangement

    Mattis Kleppen frå Bø har patentert og perfeksjonert slåttespel på akustisk bass. Etter…

  6. Gubbeklubben

    Type

    Andre arrangement

    Gubbar, gamle og unge, velkommen til ein triveleg time på Frivilligsentralen

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av