Utforsk Telemark

EN

NO

Teigen - Hylland - Brauti

TypeEldre historie

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Product Image

Om

Sundag 29. april opnar museet i Eidsborg for sesongen. I år som i fjor er det fleire nye utstillingar i utstillingsbygget ved stavkyrkja. Her er eit oversyn.

TEIGEN – HYLLAND – BRAUTI

I år er det 200 år sidan rosemålaren og treskjeraren Halvor Asbjørnsson Teigen (1818-1910) vart fødd. Han var ein nærast myteomspunnen handverkar. Særskild i si treskjering sette han ein standard som andre strekker seg etter endå i dag. Men også hans barn og barnebarn har hatt stor betyding for stilutviklinga innan treskjering. Sonen Asbjørn Hylland (1853-1931) si historie har til no nærast vore ukjend, men han hadde ei betydeleg rolle i utviklinga av handverket. Dottersonen Øyvind Brauti (1891-1980) representerer ein tredje epoke. Utstillinga viser eit breitt utval arbeid frå denne særmerkte handverkarfamilien, ei historie som ikkje har vore formidla før.

 

Elles visar utstillinga i Eidsborg som alltid mykje lokal handverkshistorie med spesiell vekt på tekstil, sylv og kniv, samt historia om brynestein frå Eidsborg, ei eksporthistorie som byrja for meir enn 1200 år sidan. Utanfor kan heile familien sluse båtar i Kanalparken 15. juni – 15. august.

Velkomen til ein ny sesong sundag 29. april – sundag 30. september! For sesongkort, klikk her.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Museumsbonden arbeider på åkeren

    Type

    Museumsarrangement

    Det blir gardsaktivitetar på museet i Eidsborg i sommar òg. Kom og ver med om du har lyst! Daniel…

  2. Solveig Muren Sanden 100 år

    Type

    Kunst

    Solveig Muren Sanden (bilete teke av Tone Tveit) er ein av Noregs mest kjende kunstnarar. Kven har…

  3. 4. Dags Bygdefest i Hødalsmo

    Type

    Konsert

    Bli med på tidenes bygdefest i Høydalsmo samfunnshus, lørdag 28. Desember.

    Denne line-upen vil…

  4. Opning av Galleri Karen

    Type

    Utstilling

    Galleri Karen opnar igjen etter lang tids ombygging av den gamle Coop butikken i Høydalsmo. I…

  5. Humoristisk Jul-aften

    Type

    Konsertforestilling

    Drangedal Bortforklaring presenterer: 

    "Humoristisk Jul- aften" med Tom Jackie Haugen. 

  6. Super-Onsdag på Filadelfia

    Type

    Familie/barn

    Vennskap, Bibelforteljing, leik og kveldsmat

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av