Møtestad Seljord AS som driftar Visit Seljord er ein sertifisert Miljøfyrtårn-bedrift, noko vi er veldig stolte av! Nå har vi eit synleg bevis på at vi tar ansvar, og fått eit konkret verktøy for å jobbe kontinuerlig med miljø og berekraft. Vi registrerer tall og fakta som kjem inn i vår årlege klima- og miljørapport, og klimarekneskap. Vi blei godkjent som Miljøfyrtårn fyrste gong 10. november 2024.
Vi håpar at vi som destinasjonsselskap går foran som eit godt eksempel i vår region og oppfordrar våre medlem og andre samarbeidspartnarar til å bli miljøfyrtårnsertifisert. Les meir om korleis du kan bli sertifisert
5 enkle tips for å ta vare på naturen i Seljord
Naturen rundt Seljord er ein viktig del av opplevinga for både innbyggjarar og besøkande. Ved å følgje nokre enkle råd kan du vere med på å ta vare på naturen, slik at ho kan gi gode opplevingar også i framtida.
1. Ta med deg søppelet ditt
Hjelp oss å halde naturen rein. Ta alltid med deg søppelet ditt heim eller til næraste avfallsstasjon. Sjølv små ting som snusposar, matpapir og flasker kan skade naturen og dyrelivet.
2. Hald deg på merkte stiar
Når du går på merkte stiar, er du med på å beskytte sårbar natur og vegetasjon. Det gjer òg turen tryggare og reduserer slitasje på landskapet.
3. Vis omsyn ved bruk av bål
I Noreg er det generelt bålforbod i skog og mark frå 15. april til 15. september. Bruk etablerte bålplassar der det er tillate, og sørg alltid for at bålet er heilt sløkt før du går.
4. Ta omsyn til dyr og beitedyr
Hald god avstand til dyr du møter i naturen. Lukk grinder etter deg, og ha hunden i band der det er beitedyr eller bandtvang.
5. Vis respekt for naturen og andre
Vis omsyn til naturen, lokalbefolkninga og andre som brukar området. Unngå høgt støynivå, respekter privat eigedom og nyt naturen på ein roleg og berekraftig måte.