Seljord er omkransa av mange høge fjell og er difor eit flott utgangspunkt for toppturar og vandring. Vi har eit stort mangfald av vandreruter – frå barnevenlege nærturar som Bringsåsnuten i Seljord sentrum, til meir krevjande turar til dei høgaste toppane som Brattefjell og Skorve. Kom til Seljord for flotte turopplevingar og oppdag Seljord til fots!