Utforsk Telemark

EN

NO

Skiløyper i Seljord

TypeSkiaktiviteter

Seljord, 3840, Seljord
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

I Seljord finn ein flott natur og fantastiske fjellområde, som byr på mange ulike skimoglegheiter. Her kan du gå milevis på preparerte skiløyper både i skogen og på fjellplatåa, eller du kan gå opp dine eigne spor. Du finn alle nivå på skiløyper, alt frå barnevennlige løyper til dei meir utfordrande skiløypene. Me har mange lokale løypelag og idrettslag som jobbar frivillig for at det til ein kvar tid er preparerte  løyper.

📍Lysløype i Raudkleiv
Lysløypa i Seljord er ca. 3 km lang med både opp- og nedover bakker, lyset er på fram til kl. 23.00. Lysløypa passar til alle aldre og er ein din treningsløype.

Adkomst:
For å kome til Raudkleiv, ta av frå E134 mot Garvikstrondi og ta fyrste avkjøyring til høgre. Følg vegen heilt opp. Her er ein stor parkeringsplass, så det er plass til alle.

Sjekk ut skisporet.no for meir informasjon om løypa.

📍Grimås/Lifjell
Ikkje langt i frå Seljord sentrum kan du også gå på ski opp til Lifjellplatået. Flott høgfjellsterreng, høge nutar og fine løypetrasear. Ein kan gå langtur til Hollane frå Grimås (14km), og vidare over platået til ein endar på Jønnbu i Bø kommune.

Det er også er fine løyper innover til Slåka i Grunningsdalen frå Grimås. Løypa er ca. 7 km lang.
For å kome til løypa: parker på parkeringsplassen i krysset opp til Grimås. Etter 200 m på smalt spor held løypa fram på ein ubrøyta veg der traseen breiar seg ut.

Adkomst:
Ta av E134 nær sentrum til Grimåsen, ca. 8 km. Vegen gjeng innover Grunningsdalen, forbi Reinstaul gard, og vidare siste stykket til Grimås. Her er det god parkering og vegen til høgfjellet er ca. 30 min. skitur unna. Bomveg kr. 40,- gratis parkering.

Løypene prepareres av Grimås Løypelag.


📍Kivledalen
Kivledalen er eit mykje nytta turområdet både sommar og vinter. Når det har kome sno prepareres det forskjellige løyper med ulik lengde innover i Kivledalen:

Til Lomma frå Tippen - 6 km.
(Millionvegen) Løype frå Manndal til Tippen - 13 km
Til Bommen ved kryss Millionveg frå Tippen - 3 km
Frå Tippen til Sundsbarm gard vis a vis Gullnes - 10 km

Adkomst:
For å komme til parkering kjører du Gullnesvegen heile vegen inn (Kivledalen), frå Seljord sentrum. Kjør over ein lita bru og ta første veg til venstre. Opp bakken ligg løypa. Ein kjører då så langt det går og får då parkering på høgre side.

Følg med på Facebookgruppa: Kivledalen løypelag, for info. og oppdatering av løypene.
 

📍Svartdalsheiane
Vil du opp på fjellet finn du også flotte løyper innover i Svartdalsheiane. Her er ca. 14,5 km med løyper innover i fjellet. Løypa vert preparert med snoskuter m/slodd og sporsettar. Skuteren er utstyrt med GPS og oppdatert løypeinfo finn du på Skisporet.no.

Adkomst:
Parkering ved Nørsteteig eller i Åsdalen og betalast med Vipps (men det er dårleg mobildekning i Åsdalen). Hugs også at du kan innom Fleirbrukshuset og varme deg litt – der kan du betale med vipps til Svartdal Grendelag.


📍Kvambekkheia i Åmotsdal
Eit anna flott høgfjellsterreng er på Kvambekkheia. Terrenget er variert, med fleire moglegheiter for å velje rundløyper, frå 3 til 24 kilometer. Deler av løypenettet går i lunt skogsterreng og på opne myrområder. Relativt flatt, og godt tilpassa for barn og pulk. Noko går også over eit temmelig krevjande høgfjellterreng, der ein bør ha brukbare skiferdighetier.

For eksempel er rundløypa ved Markinn på ca. 3 kilometer passande for barn og vaksne uten særlig trening. Her er det også ein gapahuk der det er mogleg for å fyre opp eit pølsebål og henge opp svartkjelen. Mens rundløypa frå Kvambekk via Angre, Kvannkjønndalen og Fjellstaul varierar mellom lett kupering i skog og myrområder til krevjande høgfjell. Ved Fjellstaul er løypenettet knytt til løypene i Silkedalen via ei scooterkjørt løype. Så her er det mogleg for alle og einkvar å finne noko som passar.

Adkomst:
Området ligger i Åmotsdal, mellom Nutheim og Rauland. Ta av fra E134 ved Nutheim, ca. 13 kilometer fra Seljord mot Notodden. Etter ca. 20 kilometer, ta av inn Fjellveien mot Kvambekk. Etter ca. 2 kilometer kommer man til en bom-bu. Det koster kr. 50,- pr. passering for personbiler. Rett etter bua kan man ta inn til høyre, der det finnes en P-plass. Herfra går løypene både sørover og nordover. Det er også P-plass på Kvambekkheia. Fortsatt da rett fram etter passering av bom-bua. P-plassen ligger på venstre hånd rett før man er på toppen. Det er også en P-plass ved Markinn. Man tar da ikke inn på Fjellveien, men fortsetter mot Åmot. P-plassen ligger på venstre hånd, ca. 3-4 kilometer etter avkjøring til Fjellveien.

Løypene prepareres av Kvambekkheia Løypelag. Følg med på skisporet.no for oppdatering på løypene.

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Ikke gå glipp av