
Eirik Levang skriv låtar som speglar opplevingar frå eige liv, inspirert av hendingar knytte til mellom anna vennskap, kjærleik og arbeidsliv. Mellommenneskelege relasjonar står sentralt i låtskrivinga hans.
Eirik Levang har vakse opp i Fyresdal i Telemark og syng på førsdalsdialekt. Fleire av tekstane hans ber preg av å ha vakse opp i ei lita bygd. Etter å ha budd fleire år i Oslo, kjem opplevingar av kontrastane mellom bygd og by òg tydeleg fram i tekstane.
Eirik Levang slapp si første singel, «Eg veit ingenting», 28. februar, og følgde opp med låta «Fleir enn ein» 13. juni. Den 6. mars gir han ut den nye singelen «Femårskrise».
Den 18. april kjem han heim att til Fyresdal, og står på scena i kulturhuset. Her tek han publikum med på ei reise til stadene låtane hans er inspirerte av. Konserten byr på eit repertoar av eigne låtar, sett saman som ei kronologisk reise gjennom stadene han har budd og levd. Publikum vert invitert med på ei personleg musikalsk forteljing som startar i Fyresdal og reiser vidare til livet i storbyen.
Billettpris: Kr 200,-.
| Billettype | Billettavgift |
|---|---|
| Pris | NOK 200,00 billetter |
Med forbehold om prisendringer.
| Fyresdal kulturhus (18 Apr 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Lørdag | 19:00 | - 20:30 |
I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…
Russvassdammen, som har vært et sentralt element i tømmerfløytingen i Fardøl siden 1860,…
Våmur Utsiktspunkt i Telemark, hvor bratte fjellsider møter majestetisk Fyresvatn. Nyt…
Rideturer, kjøring med hest og vogn, jakt og fiske, orientering, kanoturer, fjellturer,…