
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland.
Knut Skinnarland (1909-1993)
Knut Skinnarland var av dei fremste norske bilethoggarane i sin generasjon.
Han vart fødd på Rauland, og var bl.a. på husflidsskule på Dovre i 1933-35. Seinare gjekk han på kunst- og handverksskule og kunstakademi i Oslo og København. Knut Skinnarland debutera på Haustutstillinga i 1945.
Frå 1948 var han knytt til restaureringsarbeidet av Nidarosdomen og utførte om lag 30 arbeid der Abraham og Isak på Vestfronten kanskje er det mest kjende.
Av arbeid elles kan ein nemne fiskarmonumentet i Ålesund og i Akureyri på Island, monumentet over A.O. Vinje og over Sondre Nordheim.
Knut Skinnarland var lærar ved Akademiet på Rauland 1978-80, og fekk Telemark fylke sin kulturpris i 1979.
Særutstilling
Kvart år er det ein særutstilling ved Skinnarlandsamlinga, med verk av aktuelle kunstnarar som også er til sal.
Tilskipar er museets nærstyre og vener av Skinnarlandsamlinga.
| Billettype | Billettavgift |
|---|---|
| Born 6-15 år | NOK 55,00 pr. person |
| Familiebillett | NOK 280,00 per dag |
| Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 850,- | NOK 90,00 pr. person |
| Honnør/student | NOK 90,00 pr. person |
| Vaksen | NOK 110,00 pr. person |
Høve til å kjøpe rabattert fellesbillett for Skinnarlandsamlinga og Dyre Vaa-samlingane.
| Sesong (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Mandag | Stengt | |
| Tirsdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
* Omvising for grupper kan tingast heile året (booking@vtm.no), så sant vér, føre og kapasitet tillet det.
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Besøk Hardangervidda Nasjonalparksenters prisbelønte interaktive villreinutstilling og…
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
På Norsk Industriarbeidermuseum - Vemork får du et nært møte med norsk industri og…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Den vakre, uregjerlige Rjukanfossen hadde kraften. Ingeniøren Sam Eyde og…