Utforsk Telemark

Åmdals Verk gruver

TypeMuseum

Åmdalsvegen 42A, 3882, Åmdals Verk

Legg Åmdals Verk gruver til i reiseruten din.

Fra NOK 55,00
Gruvevandring i Åmdals Verk gruver, Vest-Telemark Museum.
  • Gruvevandring i Åmdals Verk gruver, Vest-Telemark Museum.
  • Åmdals Verk gruver sett frå innkøyringa, Vest-Telemark museum.
  • Åmdals Verk gruver, skinnegang og benk med figurar.
  • Guida tur i Åmdals Verk gruver
  • Inngangspartiet til Åmdals Verk gruver, Vest-Telemark museum.
  • Uteområdet ved gruvene, mykje folk frå Rallardagen ved Åmdals Verk gruver.
  • Product Image
  • Product Image
  • Guide med modell av fabrikkbygg. Frå utstillinga ved Åmdals Verk gruver, Vest-Telemark Museum.
  • Modellavdelinga i utstillinga på Åmdals Verk gruver, Vest-Telemark museum.
  • Modell i utstillinga ved Åmdals Verk gruver.
  • Frå geologiutstillinga ved Åmdals Verk gruver
  • Åmdals Verk gruver, rester av gruvedrift.
  • Konsert i Åmdals Verk gruver, Vest-Telemark museum.

Om

Åmdals Verk i Tokke har ei lang gruvehistorie, og dette museet formidlar gruveverksemda i området. Vandringa i dei gamle kopargruvene er ei spanande oppleving for besøkande i alle aldrar. Publikum kan gå med guide inn i dei gamle gruvene «Hoffnung» og «Howard», passere «Sølvsynken», gå opp ei trapp i «Ingeborg-sjakt» og halde fram til den underjordiske verkstaden «Smia». Undervegs kan ein sjå ned i delen av gruva som i dag ligg under vatn. Fleire tablå viser gruvearbeid frå mellomalder og 1800-tal med dokker, ljos og lyd.

Det tilbys to nær timelange omvisingar til Smia per dag i opningssesongen. Ingen av turane i gruva er eigna for rørslehemma personar. Maks 50 personar per tur:

  • Billett kan kjøpast i resepsjonen på museet
  • Den kortaste turen i gruva tar ca. 40-50 minuttar
  • Omlag 1 km lang
  • Turen innheld ei trapp i Ingeborgs sjakt med 42 trinn.
  • Born må vere så store at dei kan gå støtt på eiga hand. 

For dei som har meir tid og vil ha ei større utfordring kan Åmdals Verk gruver tilby «langturen» til Cross Cut, ein halvannan times tur med guide kvar dag. Med langturen er fleire gruvegangar gjort tilgjengeleg for publikum, innan ein kjem ut i dagsljoset og attende langs ei kulturminneløype, ein fin sti frå gruvetida.

  • Billettar kan ikkje bookast på førehand. Møt opp og kjøp billett på museet. I høgsesong (juli) kan det bli mange som vil vere med, så ver ute i god tid.
  • Langturen er på 2,3 kilometer, der 1 km går inne i fjellet
  • Turen tar om lag 1,5 time 
  • Alle må vere med attende til museet
  • Turen inneheld både Ingeborgs sjakt og Abels sjakt med 70 trinn. Trappene er bratte. Gruvegangane er delvis låge under taket. 
  • Åtte års aldersgrense

MERK: Ta med gode sko og varme klede. Temperaturen i gruva er jamnt på 6-8 plussgrader!

I gruvene er det fleire historiske tablå. Det finst óg eit underjordisk forsamlingslokale der ein kan ha konsertar og andre tilstellingar for inntil 50  personar. 
Inne i museumsbygget kan du sjå ei innhaldsrik geologiutstilling, og hovudutstillinga byr på mekaniske modellar. I kafeen er det ei fotoutstilling som visar Åmdals Verk før og no, og det er mogleg å sjå video frå eit dykkeprosjekt i gruva. Få også med deg utstillinga i Bråjordet (tidlegare matbrakke) ute på tunet. Det finst i tillegg ei eiga lita gruve utandørs for born der dei kan leite etter stein. 


Historia om gruvedrifta 
Historia går attende til slutten av 1530-talet, då kong Kristian 3. av Danmark/Noreg sendte tyske bergmenn til Telemark for å starte gruvedrift. Det fyrste bergverket vart kalla Moisesberg. Dette ligg ikkje langt frå Åmdals Verk, men drifta her vara berre til rundt 1549.

Malmgangane på Åmdals Verk vart funne i 1689. Johan Pettersen Bergmann, borgarmeister i Christiania, søkte 29. mars 1690 «Oberbergamtet» i Kongsberg om privilegiar for Åmdal koparverk.

I 1691 kom drifta i gang, men konjunkturane svinga. Bergmann mista livet i eit forlis i 1701, og det gjekk gradvis nedover med drifta til ho skal ha blitt stansa i 1712. Koparverket har etter den tid hatt mange ulike eigarar, med korte og ofte lite lønsame driftsperiodar. Lang veg til kysten og høge fraktkostnader gjorde drifta utfordrande.

Verket hadde ein gullalder i andre halvdel av 1800-talet, med kontinuerleg drift gjennom fleire tiår. I 1870- og 1880-åra blei det investert i nytt utstyr som auka effektiviteten. Toppåret i perioden var 1884, med over 300 tilsette. Fram til 1907 hadde verket eigen skule. I tillegg hadde dei fattigvesen og eigen lege ved verket.

Siste driftsperioden var under 2. verdskrig. Okkupasjonsmakta kravde full drift gjennom heile krigen, verket blei ein Wehrwirtschaftsbetrieb. Etter freden i 1945 blei gruvedrifta lagt ned for godt. Sidan starten i 1691 har det blitt tatt ut om lag 1 million tonn bergmasse, og truleg utvunne meir enn 8000 tonn kopar.

Lyst til å veta meir? Sjekk ut denne: Podkast: 254 år med slit og samhald

Gruvene vart hjarta i ei urbanisert fjellbygd der gruvearbeidaren sin kvardag var avhengig av gode malmførekomstar og politiske tilhøve ute i Europa. Mange avanserte mekaniske modellar syner korleis den omfattande prosessen frå malm til kopar gjekk føre seg.

Gruveområdet er er rikt på mineralar, og omkransa av flott natur og turstigar. Sti i Skjerpenuten gjev informasjon om dei ulike gruvene. Prøv også Malmvegen, den historiske ferdselsvegen, der rallarane frakta malmen frå gruvene på Åmdals Verk over heia til Bandaksli. 

Sjekk også ut: Cross-Cut

HER KAN DU TA EI VIRTUELL VANDRING GJENNOM DELAR AV GRUVA!
 

 

 

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • åpent utenom åpningstid, etter avtale
  • parkering for buss

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • geologi
  • museumsbutikk
  • omvisning i åpningstiden
  • utstilling

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 55,00 pr. person
FamiliebillettNOK 280,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 850,-NOK 90,00 pr. person
Honnør/studentNOK 90,00 pr. person
VaksenNOK 110,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

I sesong: Guida turar kl.11.30 og 15.00. Langtur (ca. 1,5 time) kl. 13.00. (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året (booking@vtm.no), så sant vér, føre og kapasitet tillet det.

Også i nærheten

  1. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    6.26 km Unna
  2. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    8.15 km Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    8.70 km Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    10.39 km Unna
  2. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    10.59 km Unna
  3. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    21.15 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    23.40 km Unna
  5. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    24.03 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    24.78 km Unna
  7. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    27.67 km Unna
  8. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    30.00 km Unna
  9. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    33.39 km Unna
  10. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    35.99 km Unna
  11. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    36.04 km Unna
  12. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    36.95 km Unna
  13. Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…

    48.11 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong.

Ikke gå glipp av