La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.
Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.
Ta ein tur innom stavkyrkja på ein 360 graders visning
Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St. Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.
Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid. Eit treårig prosjekt som innebar nye rundar med tjærebreiing vart avslutta våren 2020.
I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt ved Vest-Telemark Museum.
Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai – september, sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no
I sommarsesongen (juni, juli og august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.
Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Born 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 65,00 kombinasjon billett |
Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 340,00 1 dag |
Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 800,- | NOK 110,00 kombinasjon billett |
Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 110,00 kombinasjon billett |
Vaksne (frå 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 130,00 kombinasjon billett |
Med forbehold om prisendringer.
Utanom høgsesong (15.juni - 15.aug) er det omvising i stavkyrkja ved behov mellom kl 10:00 og 17:00 kvar dag. (1 Mai 2023 - 15 Sept 2023) |
---|
Høgsesong med faste omvisingar kvar dag kl 11:00 - 13:00 - 15:00 (15 Jun 2023 - 15 Aug 2023) |
---|
* Omvising for grupper kan tingast heile året.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Gaustatoppen er et av Norges vakreste fjell og byr på utsikt utover 1/6 av Norge!…
Den vakre, uregjerlige Rjukanfossen hadde kraften. Ingeniøren Sam Eyde og…
Solspeilet er dessverre ute av drift.
Nå har Rjukan sol hele året. Oppe i fjellsiden er…
Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
På Porselensmuseet i Porsgrunn blir du invitert inn i en verden av håndverk og historie,…
Norges eneste porselensfabrikk, Porsgrunds Porselænsfabrik, ligger i Porsgrunn og er…
Gea Norvegica Geopark er Skandinavias første UNESCO godkjente geopark.
Geoparken ligger…
Kragerø - En inspirasjonskilde for mange kunstnere og kanskje også for deg?
I 1998 ble det på et utsiktspunkt på Skrubben reist en skulptur til minne om Edvard…