Utforsk Telemark

Øyfjell bygdemuseum

TypeMuseum

Øyfjellvegen 809, 3890, Vinje

Legg Øyfjell bygdemuseum til i reiseruten din.

Fra NOK 55,00
Museumsbygg i kila granitt på Øyfjell bygdemuseum, Vest-Telemark museum.
  • Museumsbygg i kila granitt på Øyfjell bygdemuseum, Vest-Telemark museum.
  • Øyfjell bygdemuseum
  • Dekka bord i stoga på Øyfjell bygdemuseum.
  • Øyfjell bygdemuseum
  • Museumsvert Magne Ljosdal i spikkeutstillinga på Øyfjell bygdemuseum 2025
  • Loftet på Øyfjell bygdemuseum
  • Frå utstillinga ved Øyfjell bygdemuseum
  • Utstillingsbygget på Øyfjell bygdemuseum
  • Frå utstillinga ved Øyfjell bygdemuseum
  • Støttelaget i kafeen på Øyfjelldagen, Øyfjell bygdemuseum.
  • Mostøylstoga på Øyfjell Bygdemuseum.
  • Kafébygg, scene og utemøblar, Øyfjell bygdemuseum.
  • Kunstutstilling i fjoset på Øyfjell bygdemuseum.

Om

Øyfjell bygdemuseum har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi. Mykje trearbeid finst her, mellom anna skåp og kister, og ikkje minst Noregs største ølhøne. 

Museumsbygningen er svært spesiell. Reist i kila granitt og ferdigstilt i 1931 for å kunne stå til evig tid. Bygget er ei testamentarisk gåve til bygda av brørne Olav og Tarjei O. Trovatn. I perioden 1926-1928 var mange lokale krefter i sving med å leite fram og omarbeide stein, og frakte steinen til Mogen i Øyfjell. I testamentet sto det også at taket skulle dekkast med Vossa-skifer. I september 1931 møtte omlag 500 opp for å feire opninga av av den staselege museumsbygningen. Museet blei fylt med dei 171 gjenstandane som Trovatn-brørne hadde samla gjennom mange år.

Museet har vidare eit gardstun med våningshus, eldhus, låve, loft, høysel, kamar og badstoge. I 2022 opna eit nytt kafébygg på tunet.

Ei sentral oppgåve for musea er å ta vare på gjenstandar og historiene knytt til desse. Dei fleste gjenstandane høyrer dagleglivet til, dei kjem i «slik var det i gamle dagar»-kategorien. Andre gjenstandar er meir «magiske», desse har i seg i ei binding til ein særskild person eller hending.

Mostøylstoga
Mostøylstoga er ei stoge frå slutten av 1800-talet, og den viser brytningstida mellom den gamle bondekulturen og den nye tida. Interiør, fargar og tapetar viser tydeleg at du både er i Vest-Telemark, men òg at noko heilt anna er på veg inn - bymoten.

Arbeidshesten
I låven kan ein sjå gjenstandar og bilete knytt til arbeidshesten si rolle i livet på ein gard. Hesten stod i ei særstilling, og var nærare folka – og då særleg mannen på garden – enn dei andre dyra. Den var den viktigaste arbeidshjelpa i skogen, på åkeren, i høyonna. Den skjussa folk til kyrkje i sorg og glede.

Nystog-samlinga
Frå garden Nystog i Mannås kjøpte Vinje kommune inn ei større samling. Den inneheld reiskap, husgeråd, klede og møblar skapt og samla gjennom generasjonar, er eit viktig dokument på handverk, folkekunst og folkekulturen. Samlinga er utstilt i andre høgda i museumsbygget.

Det er ny særutstilling på museet kvar sommar, og handverksaktivitetar kvar laurdag gjennom sesongen. Museet har ope laurdag og sundag i sommarsesongen.


presentation, powered by Office.

Fasiliteter

Forretningstilbud

  • kunsthåndverk
  • suvenirer

Generelle fasiliteter

  • åpent utenom åpningstid, etter avtale

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 55,00 pr. person
FamiliebillettNOK 280,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Tillegg kr. 850,- pr. gruppeNOK 90,00 pr. person
Honnør/studentNOK 90,00 pr. person
VaksenNOK 110,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Sesong (20 Jun 2026 - 15 Aug 2026)
DagTider
Mandag - FredagStengt
Lørdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året (booking@vtm.no), så sant kapasitet, vér og føre tillet det.

Også i nærheten

  1. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    14.17 km Unna
  2. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    14.60 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    14.66 km Unna
  1. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    16.08 km Unna
  2. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    16.08 km Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    16.51 km Unna
  4. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    16.55 km Unna
  5. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    16.87 km Unna
  6. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    20.83 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    22.12 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    23.40 km Unna
  9. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.62 km Unna
  10. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    27.74 km Unna
  11. Hardangervidda Nasjonalparksenter

    Besøk Hardangervidda Nasjonalparksenters prisbelønte interaktive villreinutstilling og…

    28.46 km Unna
  12. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.30 km Unna
  13. Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…

    34.56 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av