Utstilling 2025
I handverkstunet stiller me ut smakebitar frå samlinga til Margit Lien, utlånt frå Vest Telemark Museum.

Bl.a. eit framskåp som er måla av Åmotsdølen Olav Torjusson 1754 - 1828. Han arbeidde ein del saman med sambygdingen Jarand Aa. Rønjom bl.a. om dekoren i Åmotsdal og Vinje kyrkjer og på Kultan i Åmotsdal.
Øvre del på skåpet har tre små skapdører med ei hylle i kvar del. Nedre del har to store skapdører med to hyller i kvar del. Rosemålinga er i grønt, raudt og kvitt. Kronelista er rosemåla på kvit botn. På venstre dørblad nede er det måla ein dansande figur og på høgre dørblad nede er det eit mannshovud.
Det er fortald at mannen som er avbilda på skåpet kan vera Åne Kvambekk. Skåpet har kome frå Kvambekk. Hit kom myllarguten for å gjære då han var 9 år gamal. Det må ha vore i 1808. Myllarguten var alt då odt i gang med å spela, men fekk ikkje låne fela til Åne. Han var nok meir ein raklespelemann, men han skal ha vore god til å danse.