

Velkomen til ope møte på vest-Telemark museum i Eidsborg!
Bør bunadbruken inn på Unesco-lista over vern av immateriell kulturarv? Det meiner vi!
Kva meiner du? Vi treng dine tankar.
Vi vil gjerne ha flest moglege stemmer frå Vest-Telemark. Unge og vaksne, han, ho og hen! Velkommen alle som ein! Tankane dine er viktige når det skal skrivast nominasjonssøknad til UNESCO.
Du vil få utdelt spørsmål som du skal svare på, diskutere med andre rundt bordet og få moglegheit til å ta ein titt i den rike drakt og bunadstradisjonen i Vest-Telemark. I tillegg vil du få høyre korleis det står til med handverkskompetanse på bunad i området samt kva for drakt og bunadsrikdom ein kan finne på museet.
Initiativet om at bunadbruken fortjener ein plass på Unesco si liste over immatriell kulturarv kjem frå Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Norsk folkedrakforum, og Studieforbundet for Kultur og Tradisjon.
Arrangørane bak møtet er Tokke og Rauland Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Husflidskonsulenten i Telemark.
Tid: Onsdag 17. november 2021 kl. 18.00-21.00.
Meir info om prosjektet på www.bunadbruk.no.
Sist viste
Teater
Barn i Norge elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. Nå blir det…
Musikal
I denne fargerike og fantasifulle framsyninga kjem Halloween og Jula på same tid i kalenderen. Kva…
Andre arrangement
Me startar ved gamle Skarsvegen /Ingersmoen. Det ligg innanfor Barstadbrui, 2 km frå…
Friluftsliv
Vandring kl 10.30 frå Hjartdal til Blika i Svartdal. Oppmøte Rogrendvegen 13 i Hjartdal.…
Museumsarrangement
18.00 Velkomen v/Tarjei Gjelstad 18.10 Koret Fjellrøyst syng 18.30 Helsingar 18.45 …
Andre arrangement
Tradisjonen tro arrangerar dei fantastiske strikkedamene våre jolemesse på frivilligsentralen!
I…