Utforsk Telemark

EN

NO

Prosesjonsvandring med Nikuls

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Vest-Telemark Museum innviterar deg med på ei levande formidling av den eldgamle «Nikuls-vandringa» kring Eidsborgtjønni.

Dette er ein seremoni knyt til Eidsborg stavkyrkje og midtsommar som har eksistert sidan 1300-talet. I ei blanding av heidensk og katolsk tradisjon, blei helgenstatuen av St. Nikolaus (lokalt kalla «Nikuls») tatt ut av stavkyrkja og bore kring Eisborgtjønni på Sankthanseftan.

Vatnet hadde magisk kraft midtsommarnatta, og både statuen og dei som fylgde prosesjonen skulle kome i kontakt med det. Då blei syndene forlate og sjukdom lækt.

Sjølv om kyrkja etter reformasjonen prøvde å stanse ritualet, heldt bygdefolket i Eidsborg fram med det heilt til slutten av 1700-talet.

Tidleg på 2000-talet starta museet opp eit historisk spel for å formidle den gamle tradisjonen til publikum. Etter fleire års stopp blir spelet no vist fram att – i samarbeid med kyrkja.

Programmet for Nikulsvandringa 23. juni 2022

17.00                   Føredrag om Nikulskultusen ved kulturhistorikar Herleik Baklid, USN (Inngang: Vanleg museumsbillett)

                             Kostyme til dei av publikum som ynskjer dette.

18.00                   Messe i stavkyrkja. Prest er Tor Eivind Erikstein, organist er Tore Sognefest

Ca.18.45             Vandringa tek til

19.30                   Vandringa vert avslutta nede ved grendehuset

Det er flott om du stiller i mellomalderklede. Museet har og ein del klede til utlåns. Dei vert lagt fram etter føredraget.

Me gjer merksam på at prosesjonsvandringa er eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.

Les meir om Nikuls-tradisjonen her.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Sist viste

  1. Italiensk Aften

    Type

    Mat

    VELKOMMEN TIL ITALIENSK AFTEN

    Det er med glede at vi inviterer til vår første Italiensk aften…

  2. Kino på Granvin

    Type

    Film

    SØNDAG 8.MARS KL.16 - FREMAD Kjøp billettar her: https://checkout.ebillett…

  3. Telemarksbinding med Borghild i husmannsstoga

    Type

    Museumsarrangement

    I dag syner Borghild Telnes telemarksbinding i husmannsstoga. Telemarksbinding, eller telebinding…

  4. Tårnagentgudsteneste Åmotsdal kyrkje

    Type

    Livssyn

    Tårnagentgudsteneste i Åmotsdal kyrkje sundag 24. april kl 12,00. Kristian Espeland er liturg og…

  5. Jolemesse på Sneie

    Type

    Familie/barn

    Velkommen til jolemesse på Sneie i Åmotsdal ! Me får besøk av mange utstillarar som sel gåver,…

  6. Museumsbonden arbeider på åkeren

    Type

    Museumsarrangement

    Daniel og hesten arbeider på åkeren. Kom og ver med om du har lyst:-) Daniel fortel gjerne om…

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av