Utforsk Telemark

EN

NO

Nutheim totem

TypeKunstverk

Flatdalsvegen 1283, 3841, Flatdal
Skulpturen "Nutheim totem" av Philipp Dommen
  • Skulpturen "Nutheim totem" av Philipp Dommen

Om

På grøntområdet ved parkeringsplassen på Nutheim har Philipp Dommen sin skulptur «Nutheim totem» fått ein sentral plass. Skulpturen er godt synleg for bilistar og reisande som fer framom, i vegkrysset mot Åmotsdal og for dei som oppheld seg på Nutheim.

Kombinasjonen av stein, akryl og lys kombinerar det klassiske og det fornyande, og med eit dryss av det eventyr. Det passar godt for ein skulptur til Nutheim, den tidlegare skysstasjonen og kunstnarhotellet. Lag på lag veks skulpturen opp frå sokkelen, som av byggjeklossar med ulik funksjon og med innslag av teikn og spor frå fortid, nåtid og framtid. For så å møtast i den lysande krona på toppen.

Eller er det ei krone, eigentleg? Sjå sjølv og sjå ho frå fleire sider, så kanskje du oppdagar noko? Det er ei helsing til det mytiske og til årstidsvariasjonar og snosmelting på Skorve. 

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • kulturhistorie
  • skulpturer
  • statue

Tema

  • Kultur/Kunst
  • Kunst

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Ikke gå glipp av