
Dette er ein flott rundtur som kan starte både i Seljord og i Kviteseid sentrum. Turen tar deg gjennom eit vakkert og variert landskap, og du kan kikke etter den myteomspunne sjøormen i Seljordsvatnet og nyte den flotte opplevinga å sykle langs Telemarkskanalen. Ta deg tid til å sykle ned til kanalbrygga når du kjem til Fjågesundbrua. Her er det tilrettelagt for overnatting for syklistar og padlarar i det gamle pakkhuset. Planlegg gjerne ei natt her. Dersom soveboksen skulle vera opptatt er det plass til å setje opp telt ved sidan av. Det er tilrettelagt med toalett, straum, senger og ein liten kjøkkenbenk. Ta med mat og sovepose.
Ønskar du å gjera sykkelturen til ei endå større oppleving, så kan du ta delar av turen på ein av kanalbåtane. Det er mogleg å ta kanalbåt frå Fjågesund brygge ved å bestille billettar på førehand på telemarkskanalen.no eller ringe bookingtelefonen i god tid før
påstiging, slik at dei kan køyre innom: Tlf + 47 409 200 00. For påstiging ved Kviteseid brygge, sjå rutetabell på telemarkskanalen.no.
Sist viste
Livssyn
Folkemusikkmesse i Åmotsdal kyrkje søndag 12. juni kl 11,00. Torgeir Straand står for det…
Museumsarrangement
Medlemmar av Tokke husflidslag besøkjer husmannsstoga på museet i Eidsborg i dag. Torhild Byggstøyl…
Museumsarrangement
Kva veit du om gamle stadnamn? Visste du at dei gamle stadnamna fortel ei historie og om ein…
Familie/barn
laurdag 26.11 kl 12 – 18 på Eva Bull Holtes Museum
mange utstillarar med sal av
ulike produkt
sal…
Livssyn
Laurdag 29. juli er Olsok - den årlege feiringa av St Olav.
Seljord kyrkje er ei såkalla…
Livssyn
Liturgisk andakt frå Seljord kyrkje 22. oktober 2021. Dag i kyrkjeåret: Fredag før 22. sundag i…