Utforsk Telemark

EN

NO

Villblomvegar og gamle tun i Nordbygda

TypeSykkel

Hjartdalsvegen 762, 3690, Hjartdal
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Startpunkt: Nordbø Pensjonat

Vegomtale:  Frå Nordbø Pensjonat syklar du vestover på gang- og sykkelvegen langs fylkesveg 3364 ca 250 meter før du tek til høgre mot Hjartdal kyrkje. På vegen oppover kan du stoppe både på Bygdemylla, Kornmagasinet, i Kyrkjeparken og til slutt på Holm Landhandel.

Nordbygda i Hjartdal står, saman med Svartdal, på den nasjonale lista for utvalde og særleg verdifulle kulturlandskap. For å få ei oppleving av dette, kan du ta deg ein tur langs bygdevegane. Om du syklar vestover frå Holm fylgjer du den nedre gardrekka i Nordbygda med gamle tun og jordbrukslandskap, rike på tradisjonar og forteljingar knytt til stadar og hendingar. Men her er også moderne og aktiv drift med fellesfjoset på Teleros og aktive heil- og deltidsbønder og «mangesyslerar» på mange av gardane. Ved mjølkerampa på Høgetveit kan du ta til høgre og fylgje sykkelpilene langs Åbøruta. Dette er privat veg som går gjennom tun og tett på bustadar. Vi ber deg vise omsyn til dette om du tek turen framom.

Gamal byggeskikk og vakre utsyn kjem tett på her. I krysset ved Særsland kan du halde rett fram ned bakken til Holm att, eller du kan halde til venstre mot Århusgardane og garden Risvoll med Gunnesteinen. Oppe ved Århusbrua gjeng vegen vidare innover i fjellet, men om du tek av over brua og syklar nedover att mot bygda, har du fint utsyn frå toppen av fallet i elva. Langs vegen ved Håtveitgarden står det ei moderne mjølkerampe, der det kanskje er noko å handle av aktive bønder om du har vipps på mobilen. Er det vår hoppar lamma nedover jorda, blomsterengene er snart i bløming, sommarfuglar og humler susar og tida har stått stille. Opplevingane langs desse villblomrutene kunne kanskje også funne stad for 50 eller 100 år sidan? Litt fleire artar og litt mindre køyretøy var det vel, men stemninga er kan hende lite endra? Nedi skogen i krysset mot Øverbøruta tek du skarpt til høgre att og kjem ned i krysset ved Holm.

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - Åbøruta 3,1km, Århusruta 6,2km

Gradering

  • lett
  • middels

Målgruppe

  • Barn
  • Familie
  • Voksen

Natur og terreng

  • asfalt
  • grus
  • kulturlandskap

Sesong

  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Varighet

  • 1 time

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Ikke gå glipp av