Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden Midt-Svartdal. På garden er det mohairgeiter som produserer ull, og ulla frå desse geitene blir spunne til garn i mange kvalitetar. Telespinn spinn mange slag ull og er spesielt opptekne av å bruke virke frå gamle sauerasar som beiter i dette landskapet.