Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal
Den beste staden for å oppleve skikulturen og Morgedal si betyding for denne er på Norsk Skieventyr. Du kan lære om norsk ski- og polarhistorie gjennom ei multimediareise som startar 4000 år tilbake, og endar med dagens snobrett og twintip.
Museet gjev innsikt i skileiken som føregjekk i bakkane i Morgedal i 1850-åra og som var starten på den moderne skiidretten, generell skihistorie og sjølvsagt historia om pioneren Sondre Norheim. Vidare fortel utstillingane om kappløpet mot Sørpolen der Olav Bjaaland deltok, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip.
Til slutt: i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!
Les meir om utstillingane her
Norsk Skieventyr, meir enn bare skimuseum
I skimuseet finn du også ein kafé med ein spanande meny med rettar av lokale råvarer.
I kafeen er det leikekrok der ein kan bygge med Lego/Duplo og ha hopprenn i ein liten hoppbakke. Sjå film frå leikekroken her.
Museumsbutikken har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal og Vest-Telemark elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne viser deg turen vidare.
Det er gratis internett-tilgang.
Den fyrste vinterolympiske fakkelstafetten
Utanfor Skieventyret, ute i vatnet, lyser den olympiske elden. Elden blei tent fyrste gongen her i Morgedal til Vinter-OL i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.
Flott gåtur til Øverbø, staden Sondre Norheim vaks opp
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge.
Velkommen til Norsk Skieventyr!
Sjå Stine Hartmanns rapport frå bl.a. Norsk Skieventyr i Den Moderne Askeladdens Dag 1 (16. mai 2017)!
Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf: 35069090
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Årskort familie. Gjeld inngang på alle våre museum | NOK 700,00 entre |
Årskort pr.pers. Gjeld inngang på alle våre m | NOK 400,00 entre |
Born 6 - 15 år | NOK 50,00 entre |
Familiebillett 4+ | NOK 250,00 entre |
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 700,- | NOK 80,00 entre |
Honnør / student | NOK 80,00 entre |
Vaksne (frå 16 år) | NOK 100,00 entre |
NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.
Sommarsesong (1 Mai 2021 - 15 Sept 2021) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a.…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.
La deg vandre gjennom tidsepokene og utforske dine forfedres tidsalder på en måte du…
Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad…
Hillestad Galleri har stort utvalg i moderne brukskunst, gavebutikk og kafé.
Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det "piano", betyr i…
Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…
Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.