For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
I sesong er det faste omvisingar kl 12.00, 14.00 og 16.00
Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste museum her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar.
Bygdetunet ligg rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1260 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.
Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.
Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar').
Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.
Utsondhalli
Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans.
Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen "Gut som spikkar".
Utsond er best kjend for skulpturen "Helferd" som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond den fyste professorstilling ved akademiet.
Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme.
Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid Kommune før han døydde og desse er i dag samla i "Utsondhalli" på Kviteseid Bygdetun.
Museet har ope kvar dag i sommarsesongen, og elles heile året på bestilling. Det er enkel servering, våre vaflar er kjend for sin gode smak. Ein fredfull plass og ein stoppestad for mange langs si reise på riksveg 41.
Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart særskild reist i maktsentra.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet, og ligg der vassvegen og landevegen aust-vest kryssar. Rett nedom kyrkja var også ein viktig handelsplass Kauphamar også kalla Hollendarodden.
Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.
Museet er ope i sommarsesongen.
Ta kontakt med for gruppeomvising utanom sesong.
E-post: booking@vtm.no
Tlf: 35069090
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Barn 6-15 år 6-15 år | NOK 40,00 pr. person |
Familiebillett (2+2) | NOK 200,00 per dag |
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 500,- | NOK 60,00 pr. person |
Honnør/student | NOK 60,00 pr. person |
Voksne (fra 16 år) | NOK 80,00 pr. person |
NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.
Open for grupper på bestilling heile året (1 Jan 2020 - 31 Des 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider |
Sesong (25 Jun 2020 - 15 Aug 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | Stengt | |
Tirsdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Faste omvisingar på tunet og i kyrkja (25 Jun 2020 - 15 Aug 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | Stengt | |
Tirsdag - Søndag | 12:00 | |
14:00 | ||
16:00 |
Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a.…
Veteranbåten M/S Fram seiler sightseeingturer fra Straand Brygge i Vrådal. Båten går i…
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.
Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
La deg vandre gjennom tidsepokene og utforske dine forfedres tidsalder på en måte du…
Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad…
Hillestad Galleri har stort utvalg i moderne brukskunst, gavebutikk og kafé.
Museet har fokus på livet i og med naturen. Her finnes en samling av utstoppede dyr,…