Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av musea i Vest-Telemark. Desse er i dag Vest-Telemark Museum Eidsborg, Norsk Skieventyr i Morgedal, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Dyre Vaa-samlingane (Rauland), Knut Skinnarland-samlinga (Rauland), Myllarheimen (Arabygdi) og Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle (tidlegare Vinje biletgalleri). Me har i dag 15 fast tilsette og sysselset vel 20 årsverk.
Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen.
Minnefondet etter Signe og Arne Aas
Stiftinga Vest-Telemark Museum skal sikre eit stabilt og mangfaldig kunst- og kulturtilbod med vekt på kunstnarleg og fagleg kvalitet, og at materiell og immateriell kulturarv frå fortid og samtid vert bevart og gjort tilgjengeleg for ettertid. Stiftinga Vest-Telemark Museum skal stimulere til ivaretaking og nytenking ved bruk og utvikling av lokale ressursar.
Dette skal skje ved å gje kunnskap om, forståing for og oppleving av kultur- og kunsthistoria til Vest-Telemark på ein måte som viser både kontinuitet og endring, samanheng og forskjell.
Minnefondet etter Signe og Arne Aas er ei stifting som skal gje økonomisk støtte til unge etablerarar som vil drive næringsverksemd bygd på tradisjonar i Øvre Telemark. Fondet vert forvalta av styret for Vest-Telemark Museum.
Fondet har som føremål å yte økonomisk støtte i etableringsfasen for verksemder som kan skape varige arbeidsplassar og busetnad i regionen. Støtteordninga er geografisk avgrensa til Vest-Telemark og kommunane Tinn og Hjartdal. Styret legg vekt på etablering knytt til tradisjonelle handverk og kunstfag.
Storleiken vert fastsett av styret. Det kan vere aktuelt å gjere tildelingar til fleire søkjarar, avhengig av kvaliteten på søknadane.
Krav til søknaden:
Presentasjon av søkjaren med CV
• Fagleg kompetanse
• Evne til å arbeide målretta over tid
• Referanse til produkt eller ferdig utført arbeid; gjerne illustrert med bilete
Enkel forretningsplan for verksemda søkjaren ynskjer eller er i ferd med å etablere
• Produkt- eller tenestekonsept
• Kundegrunnlag/marknad
• Salskanalar/marknadsføring
• Samarbeid med andre
Budsjett for planlagde tiltak/innkjøp
Innan eit år etter tildeling skal mottakaren rapportere om korleis midlane er nytta
Fondet støttar ikkje:
Studiestøtte til offentleg godkjende utdanningar som gjev rett til studielån
SØKNADSFRIST: 15. MAI
Send søknaden til dr@vtm.no eller per post til Vest-Telemark Museum, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo