Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av musea i Vest-Telemark. Desse er i dag Vest-Telemark Museum Eidsborg, Norsk Skieventyr i Morgedal, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Dyre Vaa-samlingane (Rauland), Knut Skinnarland-samlinga (Rauland), Myllarheimen (Arabygdi) og Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle (tidlegare Vinje biletgalleri). Me har i dag 15 fast tilsette og sysselset vel 20 årsverk.
Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen.
Me søkjer museumsvertar og kafémedarbeidarar for sesongen 2026
Museumsvertar / omvisarar
Me treng museumsvertar til følgjande museum:
• Vest-Telemark museum Eidsborg Sesong: 1. mai til 15. september, kl. 10-17 alle dagar
• Norsk Skieventyr i Morgedal Sesong: 1. mai til 15. september, kl. 10-17 alle dagar
• Grimdalstunet, Skafså i Tokke Sesong: 25. juni til 15. august, tirsdag – sundag kl. 11-17
• Åmdals Verk gruver Sesong: 25. juni til 15. august, tirsdag – sundag kl. 11-17
• Kviteseid bygdetun Sesong: 25. juni til 15. august, tirsdag – sundag kl. 11-17
• Dyre Vaa-samlingane, Rauland Sesong: 25. juni til 15. august, tirsdag – sundag kl. 11-17
• Skinnarlandsamlinga, Rauland Sesong: 25. juni til 15. august, tirsdag – sundag kl. 11-17
• Smørklepp kunstmuseum – Sørensen og Kihle Sesong: 25. juni til 15. august, tirsdag – sundag kl. 11-17
• Øyfjell bygdemuseum Sesong: 27. juni til 15. august laurdag – sundag kl. 11-17
Er du utadvendt, strukturert, kan språk (minstekrav norsk og engelsk) og trivst i ein servicefunksjon – då kan me tilby deg ein triveleg arbeidsplass. Interesse for kultur og historie er ein fordel. Du bør kunne jobbe sjølvstendig, men vil også inngå i eit team og vere museets andlet utad.
Me oppfordrar både ungdom og vaksne til å søkje!
Arbeidsoppgåver:
• Ta imot publikum, selje billettar, betene museumsbutikkar og kafé
• Omvisingar og formidling
• Enkle rydde- og reinhaldsoppgåver i publikumsareala
• I Eidsborg er det óg ein familiepark med aktivitetar for born, som t.d. slusing av små båtar og bogeskjoting
Opplæring vert gjeve både individuelt og i fellesskap.
Kafémedarbeidarar / kjøkenassistentar i Eidsborg
Kafeen på Vest-Telemark museum Eidsborg har ope i museets opningstid (Merk: I 2026 opnar kafeen 20. mai), men hovudsesongen for sesongtilsette er juli og august månad fram til skulestart. Me søkjer etter positive, arbeidsviljuge, sjølvstendige og serviceinnstilte personar. Enkelte dagar kan vere hektiske. Du bør beherske norsk og engelsk muntleg.
Arbeidsoppgåver:
• Betening av kasse
• Rydding, oppvask og reinhald
• Enklare matlaging
• Servering ved selskap og arrangement
• Yte service til gjestene våre
Opplæring vert gjeve både individuelt og i fellesskap.
Uteområdet ved Fyresdal bygdemuseum
Me ser etter ein sjølvstendig og ryddig person som har lyst til å klyppe gras og halde det fint på Fyresdal bygdemuseum i Øyskogen. Du må ha fylt 16 år og kunne handtere utstyr som sitjeklyppar og kantklyppar. Den fyrste «slåtten» blir vanlegvis tatt uti mai månad.
Generelt
• På fleire av musea er det naudsynt at du har sertifikat og disponerer bil eller kan sikre deg skyss til og frå. Museet har eit enkelt overnattingstilbod i Eidsborg. Me kan vere behjelpelege med å skaffe bustad ved behov.
• I tillegg til sesongtilsette som kan inngå i turnusen for sommarhalvåret, er me interessert i å knyte til oss tilkallingsvikarar ved behov. Museumsvertar for tilkalling kan bli spurt om å stille opp også utanom sesong, i helger og på kveldstid. Du vil få høve til å jobbe ved fleire av våre arenaer.
Løn i høve Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner.
Alle stillingar: Søknad med cv og litt info om deg sjølv sendast til ag@vtm.no innan 1. mars.
Ved spørsmål, ring Anne Gundersen på 990 94 057.
Hugs å skrive når du kan starte, kor lenge og mykje du kan jobbe. Skriv kvar du ynskjer å arbeide, om du har sertifikat og disponerer bil. Viktig at du oppgjev e-post og mobilnummer!
Velkomen som søkjar!
Invitasjon til å delta i design- og strikkekonkurranse
Er du kreativ og glad i handarbeid? Vest-Telemark Museum og Telemark Husflidslag lanserer felles tevling med flotte premiar.
Utfordringa er: Skap eit strikka plagg som er inspirert av bunad eller folkedrakt frå Telemark.
Du kan gjerne kombinere med andre teknikkar, som broderi, applikasjon, m.v. Juryen vil vurdere både kreativitet og kvalitet. Alle former for plagg er lov (vottar, skjerf, genser, sokkar, osv.)
Tips: Bruk gjerne DigitaltMuseum til å finne inspirasjon i museumssamlingane.
Det blir to klasser for deltaking:
Open klasse – uavhengig av alder, bustad, profesjonell/amatør
UNG-klasse – for deg som er yngre enn 26 år
Frist for innlevering er: 1. mars 2027
I mai 2026 opnar Vest-Telemark Museum ei utstilling som viser livsverket til strikkedesignar Irene Haugland frå Lunde. Ho har ein stor produksjon av mønster for strikk og ferdig trikotasje. Haugland er særleg kjent for å kombinere strikk og broderi, og har mellom anna henta inspirasjon frå drakttradisjonar i Telemark. Utstillinga vil vere open i to sesongar. Utvalde plagg som kjem inn i konkurransen vil bli vist i utstillinga på museet i Eidsborg og på Dyrsku’n i 2027.
Juryen består av representantar for Telemark Husflidslag, Vest-Telemark Museum, husflidskonsulenten i Vestfold og Telemark, strikkedesignar @knitbyfosse og Irene Haugland.
- premie Garnpakke frå Telespinn, verdi 3000,-
- premie Garnpakke frå Telespinn, verdi 2000,-
- premie Garnpakke frå Telespinn, verdi 1000,-
Premiering i kvar klasse.
Send inn eller levér ditt bidrag til:
Vest-Telemark Museum
Museumsvegen 9
3891 HØYDALSMO
mrk: Konkurranse
Legg ved ein tekst (ca. 1 side) der du fortel om inspirasjon og korleis du har jobba med oppgåva. Me håpar på mange bidrag!
Ta kontakt ved spørsmål, på tlf 934 39 712 eller e-post: bn@vtm.no
Prosjektet er støtta av Nomestiftinga, Sparebankstiftinga DNB og Telemark fylkeskommune.