Om

Laurdag 5. desember kl. 11.00–16.00 blir det jolemarknad ute i Telemarkstunet og inne på Raulandsakademiet. Låven handverksutsal, Gardsjordstoga kafè og Eldhuset bakeri held ope. Her kan du handle jolegåvene du ikkje finn andre plassar, smake på jolebaksten, og koma i jolestemning. Det vil vera sal av spikkeband, keramikk, smykker, bøker og mykje anna rundt om i tunet og inne på huset.
Rykta fortel at nissen stikk innom.