Om

Folkemusikktrioen Glima har namnet sitt etter Gygri (trollkjerringa) i Mælefjell i Telemark. Glima består av Torunn Raftevold Rue (hardingfele), Ragnhild Knudsen (hardingbratsj/hardingfele) og Helene Waage (hardingcello).
Dei har alle tre lang fartstid frå ulike tradisjonar innan folkemusikken.
I juni spelte dei inn sitt fjerde album, og dei gler seg til å presentere musikalske perler for dei som tek turen til Vest-Telemark Museum i Eidsborg søndag 23. august.
Glima har spelt saman i snart tretti år, og dei tek, som tidlegare, utgangspunkt i slåttar og visetonar frå Telemark og Vestlandet. Trioen står sjølv for dei musikalske arrangementa som er nyskapande, men med tydelege røter i gamal slåttetradisjon.
Det nye no er at dei har hardinginstrument – alle tre! Helene spelar på ein hardingcello, Ragnhild på hardingbratsj; begge laga av Ottar Kåsa, og Torunn på hardingfele som før.

Vel møtt til konsert på vakre Vest-Telemark Museum!

Inngang: Vanleg museumsbillett