
Rui-plassen
Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.
Om
I det hengebratte berget over Dalen ligg Rui, husmannsplassen der dei bittesmå systrene Ingerine og Gurine budde. Dei blei landskjende i boka "Rui-jentene som kom til Kongen".
Til Rui kom svensken Johan August Schevenius på 1860-talet. Johan var av gamal militærslekt med greiner i mange land. Han vart født i Svartborg eller Dingle i Bohuslän i 1834. Johan fylgde ikkje den militære veg, og utdanna seg til skreddar – men trivdes ikkje heilt med å sitje inne heile dagen utan å sjå sola. Ein varm sommardag bestemte han seg, pakka skreppa og byrja vandringa mot vest – mot Noreg.
”Det var en gang i forrige århundre at en liten kraftkar dro fra Sverige til Telemark for å søke arbeid. Han krevde ikke så meget av livet, tok de jobber som bød seg. For det var nok av dem som i de dager trengte en mann til å grave grøfter i kilometervis, som skapte stubbmark om til dyrkbar jord, og som hadde slikt handlag med å reise steingarder mellom naboer. Han holdt seg selv med kosten, og var ellers ytterst beskjeden med hensyn til betalingen.
-Du kan kalle meg Johan, sa han. –För det är jag döpt.
-Hva heter du?
-Schevenius.
Dette syntes bøndene på Dalen var et merkelig navn, men det kom så mye rart fra Sverige i de dager. Johan forsvant igjen samme høst, like raskt som han kom. Men mannen dukket opp på nytt året etter……”
(frå boka ”Rui-jentene som kom til kongen”, av Knut Eidem)
Les også "Eventyret om Rui-søstrene" på telemarkshistorier.no
Johan slo seg ned her på Rui. Han vart gift to gonger og fekk fleire born. Seks ungar levde opp. Dei to eldste, Ingerine (1872-1965) og Gurine (1873-1962), vart buande på Rui all si tid. Syskena deira drog over havet til Amerika for å søke lukka der.
Stoga på Rui var berre 20 kvadratmeter stor, og her voks dei opp. Far deira lærde dei å lesa og skrive men dei fekk og skulegang. Han heldt tidsskrift og aviser og ville at borna skulle fylje med. Når dei ikkje las, måtte dei jobbe – det verste han visste var dagdrivarar.
På Rui gav dei aldri slepp på naturalhushaldinga og bytta sine eigne produkt med andres. Dei heldt vanlegvis 3 kyr, nokre sauer, geitar og høner. Dei dyrka bygg, poteter og grønsaker. Reiskap kjøpte dei ikkje, alt dei eigde laga dei sjølv. På Rui eigde dei aldri hest eller vogn, det såg dei seg ikkje råd til. Sterke skuldrer og seige tak var deira erstatning. Ånden på Rui var sparing og arbeide – frå ljose morgonen til seine kvelden. Då far deira døde, dreiv Ingerine og Gurine plassen vidare i farens ånd.
Med sine små, ivrige og krokbøyde kroppar fortsatte dei med å slå gras og høy heilt til dei var langt oppe i åttiåra. Då fekk dei begge plass ved helseheimen på Dalen, og naturleg nok fekk dei dobbeltrom. På helseheimen fantes eit felles badekar for alle bebuarane. Det gjorde stort inntrykk på systrane. Noko så fint hadde dei aldri sett før.
Men dei lengta tilbake. Frå vindauget sitt på helseheimen kunne dei sjå opp til plassen sin høgt der oppe i fjellet.
I 1963 gjekk Gurine bort, 90 år gammal. Da gråt storesyster Ingerine sårt, og livet mista mykje av sin meining. To år seinere døde Ingerine også. Ho blei heile 93 år gammal. Noko av det seiste ho skulle ha sagt, var:
– Nu skine soli på Rui!
Rui-jentene ligg gravlagde ved Eidsborg Stavkyrkje. Berre ei gong reiste dei vekk frå Rui – i 1957, då var dei på besøk i Oslo, hjå kongen. Det skulle dei aldri gløyme.
Rui-plassen er i privat eige. Det er ikkje lov å campe på Rui eller i området rundt, verken i telt eller hengekøye. Sykkel på Rui er heller ikkje greit. Familien Haukelidsæter legg ned mykje arbeid på å skjøtte bygningar og kulturlandskap, og halde Rui-plassen open og tilgjengeleg for oss alle, noko me er svært takknemlege for❤️
For å komme til Rui går du i Rui-jentenes fotspor frå Dalen på eit kunstverk av ei trapp, laga av sherpaer frå Nepal. Steinen du går på er brynestein. «Beintsteberg» blir stien kalla lokalt, som tyder den beinaste (kortaste) vegen opp berget. Mykje arbeid er lagt ned i trappa, og opplevinga med først å gå i vakre trappa som snirklar seg opp berget, for så å komme opp i høgda til vakraste Rui-plassen er heilt unik.
Vis omsyn til bygningar og kulturlandskap, ta med søppel heim og ingen camping på Rui.
Les meir om Rui-jentene:
Boka om "Rui-jentene som kom til Kongen" er til sals på turistkontoret.
Les om Rui-jentene på telemarkshistorier.no
Telemarkspodden: Rui-jentene – arven etter Ingerine og Gurine
Trapp opp formen! Her er Noregs lengste, flottaste og mest unike trappestiar (Visit Norway artikkel)
Kontakt
Sted
Praktisk informasjon
- Severdighet
- Andre attraksjoner
- Bygning/Kulturmiljø
- Kulturminne
- Historie
Arrangementer i nærheten

Glade Maidagar på Dalen 18. og 19. mai
Lastein Bryggje, 3880 Dalen

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Oldemors Gatefrukost på Dalen
Dalen Sentrum, 3880 Dalen
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ljåslått, hesjing og kinning av smør
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga og smed i smia
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lefsebaking, skoing av hest, karveskurd og åkerarbeid
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Garving av skinn og heimelaga såpe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ysting av kvitost og arbeid på åkeren
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Aktiviteter i nærheten

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg
3880 Dalen

Kano - og kajakkutleige på Dalen
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

Dalen Bed & Breakfast
Aasmund Nordgaards veg 6, 3880 Dalen

Fiske i Mosvatn og Bessevatn
Hotellvegen 16, 3880 Dalen

Visit Dalen - Dalen Turistkontor
Aasmund Nordgaards veg 1, 3880 Dalen

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Restaurant Bandak, Dalen Hotel
Hotellvegen, 3880 Dalen

Dalen Hotel
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Familieferie i Langesund
3970 Langesund

Soria Moria Sauna
Markensvegen 20, 3880 Dalen

Bufjordstigen på Dalen
Dalen Bryggje, 3880 Dalen

Dalen Bryggjekafé
Storvegen 2, 3880 Dalen

M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen

Telemarkskanalen Skipsselskap – M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen


































