
Brynesteinsvandring
Spennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum fyrst.
Om
Denne turvegen tar deg opp til steinbrotet Brunåslid. Dette var det største av mange brynesteinsbrot i Eidsborg-Lårdalsområdet. Brotet vart truleg opna tidleg på 1700-talet og var i drift til rundt 1950. Ein ser dei store ”uslehaugane”, som var avfall frå brynesteinsproduksjonen. Ved den øvre haugen ser ein tufter etter ei av arbeidsbrakkene.
Brynestein frå Eidsborg har ei lang historie og ein reknar drift i berga her attende til omlag 700 e.Kr.
Den vart skipa ut vassvegen (Telemarkskanalen).
Brynesteinen er og ei særmerkt handelsvare som allereie vikingane tok med seg ut på sine ferder. Brynestein er slik funnen over heile Europa.
Middels krevjande tur i kupert terreng. Stigen fylgjer store delar av ein gamal ferdselsveg som i dag er ein del av pilgrimsvegen i Vest-Telemark.Turen er ikkje lengre enn 4 km, men ein bør likevel rekne 2 timar på grunn av terrenget. Etter den fyrste stigninga kjem du til eit utsynspunkt med benk. Det er og benkar på toppen ved brotet. Ved start og under heile turen er det informasjontavler og retningskilt. Frå brotet kan du gå fylkesvegen attende til museet.
Turen startar ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg. Det er godt skilta til Vest-Telemark Museum frå Høydalsmo og Dalen. Parkering ved museet og Eidsborg stavkyrkje. Stigen startar ved Juvestoga på museumsområdet.
Tilgang: Mai – oktober
Hugs godt fottøy!
Les historia om brynestein frå Eidsborg
Ansvarsfull ferdsel for å bevare naturen
Når du beveger deg i naturen, er det avgjørende å praktisere ansvarlig ferdsel for å bevare og respektere det naturlige miljøet. Dette inkluderer å følge oppmerkede stier for å unngå skade på økosystemene, ta med deg søppel og respektere lokale regler og restriksjoner. Sørg for å unngå å forstyrre dyrelivet, og vær oppmerksom på eventuelle spesielle hensyn knyttet til verneområder. Ved å være ansvarsfull i dine utendørsaktiviteter, bidrar du til å opprettholde skjønnheten og bærekraften til naturen, slik at kommende generasjoner også kan nyte den.
Kontakt
Sted
Praktisk informasjon
- Vandring
Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
59.58188095567466, 8.535365846655854
Arrangementer i nærheten

Glade Maidagar på Dalen 18. og 19. mai
Lastein Bryggje, 3880 Dalen

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Våronn med museumsbonden 2026
Museumsvegen 9, Eidsborg, 3891 Høydalsmo

Oldemors Gatefrukost på Dalen
Dalen Sentrum, 3880 Dalen
Klypping av sau på gamlemåten
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid, sylvarbeid og smiing
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ljåslått, hesjing og kinning av smør
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Åkerarbeid med hest, koking og ysting av ost
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga og smed i smia
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lefsebaking, skoing av hest, karveskurd og åkerarbeid
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Garving av skinn og heimelaga såpe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Treskurd og smiing på husmannsplassen
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Bandvev i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Slåttedagar: Slått og hesjing på museet
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og metallknipling i husmannsstoga
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ringblomstsalve, gamle tonar og baking av potetlompe
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Veving og smiing av knivblad
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Ysting av kvitost og arbeid på åkeren
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Aktiviteter i nærheten

Statkraft visingssenter
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Statkraft visingssenter
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo
Museumsbøndane
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Vest-Telemark museum Eidsborg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Olav sin draum – ei akustisk utstilling om Draumkvedet
Museumsvegen 9, Høydalsmo, 3891 Høydalsmo

Handverksaktivitet på museets husmannsplass
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Aktivitetsparken i Eidsborg
Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Inngangsbillett - Vest-Telemark Museum med Eidsborg stavkirke
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Eidsborg stavkyrkje
Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Brynesteinsbrotet
Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Lårdalstigen
Eidsborgvegen 361A, 3880 Dalen

Bufjordstigen på Dalen
Dalen Bryggje, 3880 Dalen

Dalen Bryggjekafé
Storvegen 2, 3880 Dalen

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg
3880 Dalen

M/S Henrik Ibsen
Hotellvegen 33, 3880 Dalen




































